Hopp til innhold

Musea tener lite på folk

Av musea i Sogn og Fjordane si samla inntekt på kring 50 millionar kroner, er berre seks prosent tent inn av musea sjølve. Resten får dei i tilskot frå stat, fylke og kommunar.

Kollage musea i Sogn og Fjordane

MEST TILSKOT: Berre seks prosent av inntektene kjem frå billettsal og andre eigne inntekter.

Foto: NRK

– Vi har ein jobb å gjere her, seier direktør for Musea i Sogn og Fjordane, Anne Marie Førde.

I fjor var musea i fylket si inntekt på over 51 millionar. Men berre tre av millionane, eller seks prosent kom frå billettsal og andre eigne inntekter. Resten er tilskot frå stat, fylke og kommune.

–Vi kan ikkje lene oss tilbake og vere nøgde. Men det varierer jo frå år til år, seier Førde.

Krav til eigeninntekt

Karen Marie Hjelmeseter

STRENGARE KRAV: Karen Marie Hjelmeseter (Sp) er leiar hovudutvalet for næring og kultur.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Siste tida har debatten gått om ein bør krevje at kunst- og kulturinstitusjonar står for ein større del av inntektene sine sjølve. Dette kunne nyslått leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter frå Senterpartiet, godt tenkt seg.

– Eg tenker vel at det er noko vi må sjå på framover. Det er sjølvsagt viktig at alle tenker at ein skal ha eigne inntekter, og slik eg kjenner desse institusjonane strekker dei seg etter det så langt dei kan alle saman, seier Hjelmeseter.

Må fri til næringslivet

Anne-Marie Førde

MÅ JOBBE MOT LOKALT NÆRINGSLIV: Anne Marie Førde er direktør for Musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Stein Aase / NRK

I gjennomsnitt finansierer musea rundt om i landet 25 prosent av inntekta sjølve, men det varierer med alt frå 75 til skarve ein prosent. Førde trur også musea i Sogn og Fjordane må jobbe meir mot lokalt næringsliv.

– Eg har ikkje noko problem med å innsjå at vi bør bli flinkare. Det er eit tidkrevjande arbeid, det skal resursar og ein del kompetanse til for å jobbe med slik finansiering, seier Førde.