Eit skadedyrfirma er no engasjert for å ta seg av problemet. Styrar ved barnehagen, Ingebjørg Breisnes, seier det heile er lite kjekt.
- Det har vore ille. Dei har forsynt seg av matlageret, og vi har måtta kaste ein del mat. Musene har vore rundt i heile bygningen og lagt igjen masse ekskrement, seier ho.
Stor fuktigheit
Breisnes seier at problemet vart så stort at dei måtte gjere noko med det. Eit skadedyrfirma vart kontakta, og då dei var på synfaring oppdaga dei at det ikkje berre var mus der. Dei fann også borebiller på loftet og i kjellaren. I tillegg er det svært fuktig i kjellaren og dermed fare for sopp og mugg.
- Det er ikkje ideelt å ha ungar i ein slik bygning, og eg som styrar meiner at vi burde hatt eit anna lokale, seier Breisnes.