Hopp til innhold

Murring blant folket - freda av Ap-politikarar

ÅRDAL (NRK): I Ap-bastionen Årdal ligg kjenslene utanpå dagen etter valnederlaget. Men medan fotfolket trur Jonas Gahr Støre kan vere feil mann i toppen, tek politikarar i Sogn og Fjordane partileiaren sin i forsvar.

Arvid Midtun er blant årdølene som er kritiske til partileiinga i Ap etter valet

IKKJE RETT LEIING: Årdølen Arvid Midtun (lengst til høgre) er skuffa etter Arbeidarpartiet sitt valnederlag. – Eg trur ikkje partiet har rett leiing, seier han. Inge Moen (til venstre) er også skuffa. – Eg vedgår at eg er i tvil om at han har klart å markere seg i sakene, seier han om Jonas Gahr Støre si gjerning som partileiar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Val

– Eg likar Støre, men han får ikkje folk med seg. Han er dyktig, men eg trur ikkje han er ein leiartype, seier Arvid Midthun når NRK møter han på ein kafe i Årdal dagen deretter.

Nær seks av ti årdøler gav si stemme til Arbeidarpartiet ved årets val. Men både i den tradisjonsrike Ap-kommunen i Sogn og landet sett under eitt tapte Ap oppslutnad. Jonas Gahr Støre har leia partiet til sitt dårlegaste val på mange år.

Årdølene er blant dei som tek nederlaget tungt. I vegen vidare kjem ein ikkje utanom endringar, meiner fleire NRK har snakka med.

– Eg trur det er mange som meiner det bør bli eit skifte om ei stund, seier Midthun.

Partioppslutning i Sogn og Fjordane

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

1,3
+0,6

SVSosialistisk Venstreparti

4,5
+1,1

APArbeiderpartiet

24,6
−3,5

SPSenterpartiet

29,7
+9,1

MDGMiljøpartiet De Grønne

2,3
+0,6

KRFKristelig Folkeparti

4,3
−3,8

VVenstre

4,1
−2,3

HHøyre

18,6
−0,4

FRPFremskrittspartiet

9,9
−0,9

ANDREAndre

0,8
−0,1

– Eit protestval

Sogn og Fjordane er eit fylke med sterke arbeidarpartitradisjonar. Nils P. Støyva sat som fylkesleiar frå 2009-2014, og har i år følgt valkampen frå sidelinja som distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane.

Partiet taper terreng i 24 av 26 kommunar, noko Støyva meiner heng klart i hop med Senterpartiet sitt klare standpunkt mot sentralisering.

– Dette har nok vore eit protestval, der ein del veljarar ikkje er nøgde med den distriktspolitikken Arbeidarpartiet sentralt har ført.

At det blir rasla med sablane med eit ønske om Gahr Støre sin avgang har Støyva lite sansen for.

– Vi har ein god leiar i Arbeidarpartiet. Eg er trygg og sikker på at han blir sitjande som leiar vidare. Dette er noko alle må ta ansvar for.

Jonas Gahr Støre skuffet på valgvake

TILBAKE I HEILE LANDET: Jonas Gahr Støre var tydeleg skuffa då han talte til partiet sitt på valvaken seint i går kveld. Partiet går tilbake i alle fylke i landet, i Sogn og Fjordane med 3,4 prosentpoeng.

Foto: NRK

Vernar om partileiaren

Ordførar Petter Sortland i den tradisjonsrike Ap-kommunen Høyanger er av same oppfatning.

– Vi må gje folk tid til å vekse inn i leiarrolla i eit så stort parti.

I Leikanger må Ap-ordføraren konstatere at partiet har gått tilbake 6,3 prosentpoeng. Eit krav om partileiaren sin avgang er noko Jon Håkon Odd ikkje vil diskutere i heile teke.

– Det er Arbeidarpartiet som har tapt valet, ikkje ein person åleine.

Feil fokus

Arne Johannessen har 13 år bak seg som leiar av Politiets Fellesforbund, og har sjølv opplevd det storme rundt eigen person. Nyleg sa han frå seg alle politiske verv, blant anna leiarvervet i Luster Ap.

Han meiner partiet utvilsamt har behov for ei grundig evaluering av valkampen, men å gjere leiaren til syndebukk er feil fokus.

– Ein må sjå på val av saker, strategi og korleis ein jobbar. Og ikkje minst kor mykje energi ein brukar på å svartmåle og kritisere andre, framfor å få fram eigen politikk.