Hopp til innhold

Her får Ronald og dei andre sving på røyra

STADLANDET (NRK): I ein verkstadhall på Stad jobbar ein gjeng med muntre røyrleggarar. Dei lagar røyr dei sjølve knapt visste at dei kunne lage.

Ronald Haaland

FIKSAR DET UMOGLEGE: Ronald Haaland har vore med på å bygge nye maskiner dersom oppdraget kravde det.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

– Det er litt artig å gå i kantina, vise karane ei teikning av nye røyr, og så sjå reaksjonen deira, seier dagleg leiar Nils Per Sjåstad i Stadpipe.

I verkstadhallen ligg det plastrøyr i alle tenkjelege storleikar. Spesialbestilte røyrløysingar som skal sendast til Mongstad, Bergen, Aukra og til utlandet.

Ove Årvik

TRÅDSVEISING: – Det vi ikkje får til, får ingen andre til heller, seier Ove Årvik, medan han trådsveiar på eit nytt teiknebord til kollegaen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det går ikkje ei veke utan av vi prøver oss på noko nytt. Det er utruleg spennande, seier Ove Årvik.

Lagar nye maskiner

At det vert stadig nye oppgåver på industrirøyrleggarane på Stad, er kanskje ikkje så rart med ein sjef som det vert sagt seier ja til alt. Ikkje reint sjeldan kjem han med eit oppdrag han alt har sagt ja til, og spør «greier vi å lage dette?»

Dei gongene gjengen i verkstadhallen ikkje har hatt maskinar som kunne løyse oppdraget, så har dei laga maskinane.

Stadpipe AS

RØYRLØYSINGAR: Røyrleggarane hos Stadpipe jobbar med røyr som kan vere 1,2 meter i diameter.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det umoglege tek berre litt lengre tid, humrar Ronald Haaland.

Haaland jobbar med å gjere ferdig ei røyrløysing som skal frakte sjøvatn i eit nytt fjernvarmeanlegg i Bergen.

På Stad på trass

Karane sveisar på 630 millimetersrøyr då NRK er på besøk, men røyra kan vere opp mot 1200 millimeter i diameter. Alle er spesialbestilte.

– Dei ringer ifrå fiskeindustrien, oppdrettsnæringa, eller skipsindustrien, og er på jakt etter store delar og spesialdelar som ikkje er i handelen, forklarar Sjåstad.

Nils Per Sjåstad

PÅ TRASS: Dagleg leiar Nils Per Sjåstad si verksemd har hovudsakleg oppdrag utanfor Sogn og Fjordane. Dei held til på Stad på trass.

Foto: Silje Guddal / NRK

Hovuddelen av vår omsetnad er utanfor fylket, seier Sjåstad.

– Kvifor held de då til på Stad, viss alt går føre seg utanfor Sogn og Fjordane?

– For det er her vi bur, og det er her vi har tenkt å fortsetje å bu. Dei aller fleste som jobbar hos oss er fødde og oppvaksne i Selje kommune. Det er her vi likar å vere. Det er grunnen. Det er på trass, seier han.

Rekrutterar lokalt

Av dei 23 tilsette er dei fleste spesialiserte røyrleggarar. Sjåstad vedgår at det er blitt stadig vanskelegare å få folk til å flytte til kommunen, så difor satsar dei på lokal arbeidskraft.

Stadpipe as

SPESIALRØYR: Verksemda leverer hovudsakleg røyr til oppdrettsnæringa, skipsverft og oljeindustrien.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi tek inn folk som har lyst å arbeide, og så får dei ta utdanning internt i bedrifta og gå opp til fagprøve, seier leiaren.

Ein av dei er Samuel Bødal. Dei siste tre åra har han jobba to dagar i veka som lærling på Stadpipe, i tillegg til å gå på skule i Måløy.

– Å jobbe med plast er veldig annleis enn å jobbe med stål, så det er kjekt å prøve noko nytt, seier Bødal.