Hopp til innhold

Munnbind og eigne venterom

Det er legekontoret i Stryn sine tiltak mot svineinfluensaen.

En doktor gjør tester for å påvise svineinfluensa
Foto: STRINGER/MEXICO / REUTERS

Fleire legekontor her i fylket har eigne venterom for pasientar som kan vere smitta av svineinfluensa.

Mellom anna gjeld det for Stryn, Sogndal, Førde, Flora og Måløy.

Andre tiltak

Men i Stryn set dei òg i verk andre tiltak. Pasientar som kan vere smitta av svineinfluensa har eigne venterom.

I tillegg nyttar helsepersonell munnbind når dei er i kontakt med pasientar som kan vere smitta.

- Vi får mange telefonar frå folk som har vore bortreist og har risiko for å få smitta, seier smittevernlege i Stryn, Mark Persson.

Fungerer

Han synes tiltaka fungerer bra.

- Folk forstår at dette er til det beste, både for dei sjølve og samfunnet, seier Persson.