Munkar vil ha nytt Selja-kloster

Franske benediktinarmunkar ynskjer å byggje eit nytt kloster på Selja.

Selje kloster

NYTT LIV: Klosteret på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Norge.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kateket Ragnhild Aadland Høen i St. Paul katolske meinigheit i Bergen seier til Bergens Tidende benediktinarklosteret i Fontgombault berre ventar på eit signal frå Gud.

– Det kan vere at dei ser nok av unge menn der ute som ynskjer å bli munkar i eit nytt kloster på Selja, seier kateket Ragnhild Aadland Høen i St. Paul katolske meinigheit i Bergen til avisa.

Treng unge menn

Aadland Høen har vore kontaktvinne for den franske munkeordenene i Fontgombault. Også munken Pierre Antonine stadfestar at deira interesse for Selja er reell.

Han legg til at dei har på gang eit prosjekt i Frankrike og må difor avvente eit kloster på Selja. Benediktinerklosteret i Fontgombault er eitt av Europas største.

– Det er vanskeleg å seie kor lenge dette vil leggje band på ei eventuell bygging på Selja. Det er også avhengig av at det finst unge menn i Norge som vil vie seg til klosterlivet, seier Antonine til avisa.

Positiv ordførar

Ordførar i Selje, Ottar Nygård, har tidlegare vore positiv til ein ny klosterera på den sagnomsuste øya.

I fjor haust reiste biskop for Sør-Norge, Bernt Eidsvig, til Frankrike der han la fram ein ofisiell invitasjon for det populære benediktinarklosteret.

– Det trur eg har stor betydning, også for øya Selja og livet der ute. Eg trur det vil bli mange pilegrimar som vil komme, også med tanke på turismen trur eg det vil ha stor betydning, sa Nygård til NRK.no.

– Realistisk

Tidlegare har også nonner frå Hellas ville grunnleggje eit nytt kloster på Selja. Den katolske kyrkja engasjerte seg etter at den ortodokse kyrkja gav beskjed om at dei ikkje lenger var aktuelle.

Aadland Høen meiner planane om eit kloster på Selja er realistiske. Store delar av øya er i dag freda, men den aktuelle eigedomen er i privat eige.

– Dei meiner dette seriøst. Vi veit at det kjem ein eigedom til sals på Selja om ikkje så lenge, seier ho og fortel til avisa at planen er at Oslo katolske bispedømme får hand om eigedomen til benediktinarane er klare til å overta og byggje der.