Hopp til innhold

Mundal gir seg som dagleg leiar i Sogndal

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal, har takka ja til stillinga som dagleg leiar i teknologiselskapet Rocketfarm.

Egil B. Mundal

GIR SEG: Egil B. Mundal tok leiarvervet i Sogndal Fotball i 2010, og har blitt ein markant leiar i norsk toppfotball

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det stadfestar styreleiar Tor Arne Ness i ei pressemelding tysdag. Mundal tok over som dagleg leiar i 2010, då Yngve Hallén vart fotballpresident.

– No har eg vore med på gamet i over ti år. Det har vore ei fantastisk reise, men samstundes treng hovudet litt nytt påfyll og hjartet treng vere ein pappa som er litt meir til stades i heimen enn 20 av 50 helgar i året, seier Mundal til NRK.

Fokus på avslutninga

Nyhenda kjem berre dagar etter at det vart klart at Sogndal må ta det tunge steget ned i 1. divisjon.

Mundal seier det har lenge vore klart at han skulle gi seg som dagleg leiar. I løpet av tida har han opplevd to nedrykk til 1. divisjon og to opprykk til eliteserien.

Norge - Malta 2 - 0

PRESIDENT: Yngve Hallén gjekk frå dagleg leiar i Sogndal Fotball til vervet som fotballpresident. Etter nyttår blir han konstituert dagleg leiar i Sogndal igjen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi ynskte fullt fokus inn mot serieavslutninga. Så er fotballens vesen slik at det alltid er dårleg timing. Like etter sesongen er kanskje den minst dårlege, seier lærdølen og legg til at han i ein overgangsfase vil hjelpe klubben med lisensrapportering og arbeid knytt til sponsorverksemder.

Mundal blir framleis å finne på Campus, der hans nye arbeidsgjevar, teknologiverksemda Rocketfarm, held til. Samstundes ynskjer han også å medverke med frivillig arbeid i Sogndal Fotball.

– Eg stiller meg til disposisjon på frivillig basis for å utvikle fellesskapet vidare, seier han.

Hallén tilbake

Tor Arne Ness

TAKKAR: Styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball takkar Mundal for innsatsen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Frå årsskiftet blir Yngve Hallén, som er dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, konstituert til ny dagleg leiar er på plass.

Styreleiar Ness seier Sogndal har hatt ei flott utvikling i tida med Mundal som leiar.

– Både sportsleg og administrativt har klubben bygd eit sterkare fundament i norsk toppfotball. Han har jobba målretta mot å vidareutvikla samspelet mellom ulike fagmiljø på Fosshaugane Campus, og han har særleg ivra for å gjere fotballklubben meir teknologi- og kunnskapsbasert, seier Ness.