Hopp til innhold

MS Nordstjernen gjekk på grunn

Hurtigruta MS Nordstjernen grunnstøytte på veg inn til Måløy onsdag morgon.

MS Nordstjernen
Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Hurtigruta gjekk på eiga maskin inn til kai, og dykkarar skal no undersøkje om skroget har fått skader.

- Ingen personar vart skadde, men det kan vere ytre skader på skipet, seier operasjonsleiar Kåre Jan Hofrenning.

Grunnstøytinga skjedde klokka fem onsdag morgon.

Klokka åtte la skipet frå kai i Måløy og heldt fram turen mot Bergen, to timar og eit kvarter forseinka.