Hopp til innhold

MS-foreininga inspirerte til galskap

Litt galskap er den beste medisinen, det var mottoet då MS-foreininga i Sogn og Fjordane drog til Loen for å klatre Via Ferrata. – Mange trur at vi ikkje klarar det, seier Laila Kandal.

MS-foreininga klatra Via ferrata

JUBEL: Mange rørte turdeltakarar frå MS-foreininga, etter å ha fullført Via Ferrataen i Loen.

Foto: Privat

– Då eg fekk MS var det ein som fortalde meg at eg ikkje kunne gå lange fjellturar lengre. Det gjorde meg skikkeleg provosert. Eg fekk lyst til å vise at det kan eg, seier Laila Kandal.

Det var noko av motivasjonen hennar, då ho byrja å planlegge turen med MS-foreininga i Sogn og Fjordane til Via Ferrata i Loen.

Etter å ha fått midlar frå Extrastiftelsen la dei turen til 25. august. Slik fekk dei markert den nasjonale MS-dagen med ein spenstig tur.

– Poenget med turen var å oppleve meistring, sjå moglegheiter og ikkje berre begrensingar, seier ho.

Laila Kandal

PÅ EI TYNN LINE: Laila Kandal trassa skrekken og gjekk over den smale vaierbrua.

Foto: Privat

Inspirert av Lars Monsen

Ti personar med MS og fem pårørande var med på turen til Loen. Kandal seier mange var skeptiske i forkant.

– Mange har kalla meg gal som våga å arrangere noko slikt. For meg har Lars Monsen vore eit stort forbilde. Han har vist at det du trur er umogleg, det kan vere mogleg, og det var litt av motivasjonen min.

Kandal hadde gått turen ein gong før, men fekk likevel ei stor oppleving undervegs.

– Då mobilen ringde og ringetonen «Don`t worry, be happy» klang frå lomma medan eg var på veg over vaieren, då kjende eg meg verkeleg i lukkerus, seier ho.

MS-foreininga klare for Via ferrata

KLAR FOR LUFTIG TUR: Ein gjeng på ti MS-sjuke og fem pårørande fekk ei luftig oppleving i Via Ferrata i Loen.

Foto: Privat

For lite kunnskap om MS

Hildegunn Åmot Dahl er leiar i MS-foreininga i Sogn og Fjordane. Ho var ikkje med å gå Via Ferrata, men stod på toppen og tok i mot dei som kom opp.

– Det var fantastisk å sjå den eine etter den andre komme opp på toppen, og sjå den gleda dei uttrykte, seier ho.

Ifølgje Dahl har folk lite kunnskap om sjukdommen

– Mange trur at det ikkje gå an å gå slike fjellturar når ein har MS. Folk har nok eit litt feil bilde av sjukdommen. Vi har fått nye medisinar som bremsar sjukdommen og som gjer at vi kan vere meir aktive, seier Dahl.