MR viser roke korsband – sesongen er over

Ei MR-undersøking av kneet viser at korsbandet til Endre Kupen (27) er roke. Det betyr at årets sesong går i vasken.

Endre Kupen klar for Bodø/Glimt

TILBAKE: Endre Kupen kunne fått eliteseriedebuten i ein alder av 27 år, men skaden i kneet utsett debuten med minst eitt år.

Foto: Niklas Aune Johnsen / Bodø/Glimt

– Det er utruleg kjipt akkurat no, men eg får dessverre ikkje gjort noko med det, seier Endre Kupen til NRK.

Onsdag morgon var han på MR for å få stadfesta kor alvorleg korsbandskaden han fekk i helga var. Den viste og korsbandet var roke.

Over før den har begynt

Endre Kupen sitt kne, røke korsbånd

Slik ser kneet til Endre Kupen ut etter skaden.

Foto: Privat

Kupen vart henta frå Florø til Bodø/Glimt før sesongen og om ei veke kunne han fått debuten i eliteserien som 27-åring. Men på trening laurdag sette han foten fast i kunstgraset i ei vending og kjende at kom eit smell frå kneet.

– Legen meinte skaden var så alvorleg då vi sjekka det på laurdag, men no er det stadfesta. Det betyr at sesongen er over før den har begynt. Det er eit hardt slag i trynet, seier Kupen.

Kupen har dei tre siste sesongane spelt for Florø og var lagets toppscorar i førstedivisjon i fjor med sine 14 mål.

Alt på søndag kunne han fått sin første eliteseriekamp i den gule drakta. Då startar Bodø/Glimt årets sesong med heimekamp mot Lillestrøm.

Lang opptrening

I staden for å spele opningskampen må Kupen ligge med foten høgt i helga.

– Eg håpar at hevinga skal gå ned til over helga. Så må eg trene opp foten før det vert operasjon om fire til fem veker. Så ventar ei lang opptrening, seier Kupen.

Og medan lagkameratane skal kjempa om poeng i eliteserien vert det sofaen med filmar og seriar for Kupen.