Hopp til innhold

MR-undersøking stadfesta skade

Oda Vindheim (19) er femte spelar på Førde handball som må ut med langtidsskade. Kantspelaren fekk tre mål mot Gneist før ho rauk korsbandet i ein duell. Vindheim blir vekke frå handballen i fleire månader. Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen konstaterer at skademarerittet i klubben held fram, etter at Emilie Myklebust Sande, Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum og Martine Gjøranson allereie har fått store delar av sesongen spolert av skade. Med fem kampar att av sesongen er sunnfjordingane framleis over nedrykksstreken i 1. divisjon.

Oda Vindheim
Foto: Førde handball