Trur ikkje på dei som står fram

– Eg trur ikkje på dei som står fram, seier Harry Mowatt, tidlegare styremedlem i Helse Førde. Det sa han i ein direktesendt debatt på NRK.

Harry Mowatt
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I ettermiddagssendinga onsdag var Harry Mowatt i debatt med Erling Waage, redaktør i Fjordenes Tidende.

– Eg opplever at Jon Bolstad ikkje tek dei tilsette i Helse Førde på alvor. Han viser ikkje vilje til å rydde opp i dei interne problea som er i helseføretaket, sa Waage, men Mowatt tok Bolstad i forsvar og sa han ikkje stolte på dei Helse Førde-tilsette som har stått fram og fortald om administrerande direktør Jon Bolstad sin leiarstil.

– NRK-kampanje

Mowatt hevda at NRK dreiv ein kampanje mot Bolstad, og han sa i klare ordelag at han ikkje trudde på alle dei opne kjeldene som stod fram.

– Etter mi oppfatting er det ikkje grunnlag for dei historiane. Eit antall misnøgde tilsette, som delvist anonymt, har fått anledning til å gje si framstilling av saka heilt einsidig. Og i tillegg har dei fått kome med ei rekke sjikanøse bemerkingar, seier Mowatt og legg til:

– Dei som står fram med namn er veldig ofte tilsette ved Nordfjord sjukehus, og dei vil nemleg torpedere den pågåande stategiprosessen fordi dei ser på den som ein trussel mot seg sjølv.

– Ser ingen grunn til å tru på dei

– Det er mange som står fram med namn, som seier dei kjenner seg trakkaserte og sjikanerte av Jon Bolstad frå både Førde, Lærdal og Eid. Trur du ikkje på dei som står fram?

– Tyngda av dei som...

– Svar på spørsmålet; trur du ikkje på dei som står fram?

– Still spørsmålet ein gang til.

– Trur ikkje du på dei som fortel om sjikanerande opplevingar?

– Nei!

– Kvifor ikkje?

– Nei, eg ser ingen grunn til å tru på dei, fordi NRK ikkje har stilt dei naudsynte kontrollspørsmåla.

Støttar Bolstad

Fleire tillitsvalde i Helse Førde slår også ring om sjefen i Helse Førde.

– Eg har ingen erfaringar som tilseier at eg ikkje skulle ha tillit til Jon Bolstad i mitt virke som føretakstillitsvald. Eg har hatt eit tett og godt samarbeid med han, seier Kjell Nygård, føretakstillitsvald i Fagforbundet og tilsetterepresentant i styret i Helse Førde.

I eit ope brev til styra i Helse Førde og Helse Vest, med kopi til media, tek elleve tillitsvalde avstand frå det dei kallar ein «einsidig framstilling gjennom NRK Sogn og Fjordane.»

Dei tillitsvalde skriv følgjande:

«Viser til de saker som har versert i NRK de siste to dager. På grunn av en særs ensidig fremstilling av administrasjonen i Helse-Førde velger vi å komme med et innspill fra tillitsvalgtapparatet.

Foretakstillitsvalgte for Delta, NITO, Utdanningsforbundet, NFF, NETF, Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Samfunnsviterne, Legeforeningen samt Foretakshovedverneombud har vært inkludert og hørt i de prosesser som har vært gjennomført i foretaket de senere år. Vi har ikke opplevd å bli båndlagt eller fått insinuasjoner om slikt ved kontroversielle saker. Vi kjenner oss ikke igjen i beskrivelsen av administrasjonen gjennom media.»

Men den største fagforeininga i Helse Førde, Sjukepleiarforbundet med 750 medlemmer, har ikkje tillit til Bolstad.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.