Hopp til innhold

Mowatt støttar Sanden

– Han syner politisk mot, seier Harry Mowatt.

Harry Mowatt
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I går gjekk ordførar i Lærdal, Arne Sanden, ut og ville ofra fødetilbodet ved Lærdal sjukehus for å kunne behalde ortopedisavdelinga.

Han får i dag motstand frå både interesseorganisasjonar og lokalpolitikarar.

I dag har styret i Helse Førde møte, og der støtta styremedlem Harry Mowatt Lærdalsordføraren.

– Eg tykkjer Sanden syner politisk mot. Han maktar å tenkje realistisk i ei vanskeleg sak, seier Mowatt.

Sanden har tidlegare fått støtte frå styreleiar i Helse Førde , Clara Øberg.

Siste møte før kuttmøte

Dagens styremøte er det siste før budsjettmøtet i desember. Der skal styret avgjere korleis dei skal redusere dei høge utgiftene.

Styreleiar Øberg har tidlegare sagt at dei skal spare inn heile 120 millionar kroner.

For lukka dører

Deler av dagens møte skal gå for lukka dører. Då skal styret nemleg behandle sal av Florø sjukehus til Flora kommune.

Styret skal og etter planen og vedta oppstart av arbeidet med byggjing av ein permanent base for luftambulansetenesta.