Hopp til innhold

Mowatt gir Sp skulda for raude tal

Helse Førde går i år mot eit underskot på 85 millionar kroner. Styremedlem Harry Mowatt gir Senterpartiet skulda for at føretaket forvitrar.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

KATTEPINE: Styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt (t.v.) gir Senterpartiet skulda for kjempeunderskotet i Helse Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Styret i Helse Førde handsamar i dag budsjettet for neste år. Den økonomiske situasjonen er anstrengt, noko Harry Mowatt gir Senterpartiet skulda for.

Han meiner partiet har pressa igjennom eit altfor kostbart sjukehustilbod.

– Eg skjønar godt at Stoltenberg ikkje kunne oversjå Liv Signe Navarsete i den saka der. For det hadde forsura klimaet i regjeringa, seier Mowatt.

Fekk ikkje kutte

I tillegg til å leggje ned fødetilbodet ved lokalsjukehusa, ville Helse Førde kvitte seg med sengepostane både i Eid og Lærdal. All ortopedi ville dei samle i Førde.

Etter press frå spesielt Senterpartiet, overprøvde regjeringa dette. Det kostar ifølgje Mowatt flesk, og fører til at sjukehusøkonomien i fylket ikkje er berekraftig.

– Det er ikkje nok at vi driv med balanse. Vi må i tillegg ha overskot dersom vi skal ha investeringsevne. Har vi ikkje det, så vil heile greia forvitre og vi sit att med umoderne sjukehus, seier han.

– Banal omkamp

For å få økonomien til å gå i hop, må styremedlemene i dag ta stilling til ei rekkje kuttframlegg. Innan psykiatrien er det mellom anna føreslått å leggje ned «Familiehuset» . Dette har skapt sterke protestar.

Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe, tek på si side ikkje noko ansvar for den økonomiske situasjonen i Helse Førde. Ho er provosert over utspelet frå Mowatt.

– Dette er ein banal omkamp frå ein styrerepresentant som eg vel å sjå vekk i frå. Det er så tullete at eg kan ikkje ta det på alvor, seier ho.

Ikkje opp til styret

Toppe tykkjer det er spesielt at eit styremedlem i eit helseføretak kjem med slike påstandar.

– Dette er ei regjeringsbeslutning, og det er mange føretak kring om i landet som har utfordringar i høve til økonomien. Det er likevel slik i dette landet at det er Storting og Regjering som avgjer helsepolitikken. Det er ikkje styrerepresentanter som bestemmer helsepolitikken i Norge, seier ho.

– Umogleg å leggje ned

– Men har ikkje Mowatt rett i at det var nettopp senterpartiet som fekk pressa igjennom at det skulle vere sengepostar både i Eid og Lærdal?

Kjersti Toppe

AVVISER: Kjersti Toppe er helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet.

Foto: Paul Sigve Amundsen

– Det er jo ei regjeringserklæring på at ikkje lokalsjukehus skal leggjast ned. Det gjekk vi til val på og vi vann fleirtalet. Då var det umogleg for oss å leggje ned sjukehuset på Nordfjordeid og Lærdal, sånn som styret i Helse Førde føreslo på tvers av ei regjeringsplattform dei burde vere kjende med, seier ho.

– Kom med pengar

Mowatt står fast på at Senterpartiet må ta ein stor del av skulda for den økonomiske situasjonen helseføretaket er kome i.

Når styret ikkje får gjennomføre endringane dei ser som naudsynte, ser han berre ei løysing.

– Ja, eller så må vi få pengar å betale dei med. Dette er uttrykk for at Helse Førde heile tida har vore i ei kattepine økonomisk, seier han.