Hopp til innhold

Mowatt gir seg som ordførar

Det blir ordførarskifte i Hyllestad ved kommunevalet i 2007. Etter 12 år som ordførar set Harry Mowatt sluttstrek for si lokalpolitiske karriere.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Til avisa Firda seier Mowatt at han korkje er lei eller utbrend, men at han etter 12 år tykkjer tida er inne for eit generasjonsskifte.

- Bør ha vit til å gå av sjølve

- Det er mi meining at ordførarar bør ha vit til sjølv å få av i tide, eller bli skifta ut på eit tidspunkt der dei framleis er nokolunde oppegåande. Ventar dei til behovet for utskifting er openbert for alle og ein kvar, har dei venta fire år for lenge, seier Mowatt til avisa.

Vil halde fram i fylkestinget

Men han seier ikkje frå seg attval til fylkestinget.

- Den fylkestingsperioden vi no går inn i blir berre på to år, og eg har trass alt berre fire år bak meg i fylkestinget. Eg har god lyst på å bli med på oppkøyret mot regionane, for å følgje dette løpet heilt fram, seier Mowatt, som ikkje tykkjer det er vemodig å sjå slutten av ordførartida nærme seg.