Hopp til innhold

Dette kan vere spor av ulv i skiløypa

Arve Espe er sikker i si sak: Det var ein ulv han møtte i skiløypa i Hornindal.

Ulvespor

SPOR: Arve Espe er sikker på at det var ein ulv han møtte i skiløypa. Her syner han spora etter dyret.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Laurdag var Arve Espe ute på skitur saman med kona i skiløypa mellom Hornindal skisenter og Hornindalssetra. Der er han sikker på at han møtte ein ulv.

– Eg kom over ei lita høgde, og nede i bakken stod eit stort dyr. Det for av garde naturlegvis, og eg rende etter det i om lag 150 meter. Då stakk det tilsides ut i laussnøen og opp i eit granfelt, seier Espe til NRK.

Det er lokalavisa Fjordingen som skriv om det spesielle møtet i skiløypa.

Det er ikkje fyrste gong nokon meiner å ha sett ulv i fylket.

Stor, rufsete og med svai på halen

Arve Espe beskriv dyret han såg som ein stor schäferhund, rufsete i pelsen og med ein karakteristisk svai i halen.

Han nektar for at han kan ha forveksla den med ein vanleg hund.

– Nei, den var for stor til å vere ein hund.

– Var du redd på noko tid?

– Neidå, neidå. Eg berre staka etter den for å kome så nær som mogleg.

– Har du høyrt at det har vore sett ulv i Hornindal tidlegare?

– Det har vore nemnt at det vart observert ein ved Hornindalssetra for mange år sidan. Det kan ikkje eg gå god for, men det har blitt sagt.

Etterlyser fleire spor

Fjordingen har også snakka med lokal rovviltkontakt Ingolf Folven i Statens Naturoppsyn.

Han seier det ikkje er usannsynleg at det var ein ulv Espe såg i Hornindal.

Han ber fleire melde i frå om dei skulle sjå ulv, eller spor etter den. Men Espe er i tvil om nokon andre får sjå det same dyret.

– Det kan skje, men det skal vel godt gjerast. Det er vel lite truleg han blir gåande der i området.

– Vi var oppe i same området i går. Då var det nysnø, men det var ingen nye spor å sjå, seier Arve Espe til NRK.