Hopp til innhold

Møtte sin biologiske familie for fyrste gong

FØRDE (NRK): Øystein Djupvik (43) gjekk fleire rundar med seg sjølv før han kontakta sin biologiske familie. Han hoppa ut i det og fekk ei mottaking han ikkje hadde drøymt om.

Øystein Djupvik møter sin biologiske familie for fyrste gong.

– Alt og ingenting er forandra på same tid. Eg har vore på ei fantastisk reise dei siste månadane, seier Øystein Djupvik frå Naustdal.

Han har lagt bak seg eit heilt spesielt halvår, etter at han valde å kontakte den biologiske familien sin.

Heilt sidan han var liten, har Djupvik visst at han var adoptert. Eit par gonger tidlegare har han vore inne på tanken om å finne ut kven som er hans biologiske foreldre.

– At eg er adoptert er noko eg har tenkt på store delar av livet mitt. Om ein byrjar å leite etter den biologiske familien sin så opnar ein nokre dører, og eg har nok vore redd for kva som kan møte meg på andre sida.

Øystein Djupvik saman med faren

FAR OG SON: Da Øystein Djupvik kom over John Kervin sin profil på Facebook tok det ikkje lang tid før han fann ut at det var hans biologiske far.

Foto: Øystein Djupvik

Tenkte på barna

Djupvik fann ut at det var berre han som kunne få opplysningar om kven som var dei biologiske foreldra hans.

– Desse opplysningane er klausulert i 100 år. Om eg skulle falle frå kan ikkje barna mine få tak i desse opplysningane før i 2074. Det ville vore å nekte dei innsyn i eigen familie, seier han.

Etter å ha teke dette opp med barna, sende han melding til Fylkesmannen om at han ønskte å få vite kven som var hans biologiske foreldre.

Øystein Djupvik og søskena

SØSKENFLOKKEN: John Michael Kervin (f.v.), Kathy Kervin og Christopher Kervin er alle halvsøskena til Øystein Djupvik.

Foto: Øystein Djupvik

Djupvik fekk namnet til begge foreldra, men fekk også vite at mora ikkje ønskte kontakt. Faren (69) fekk han berre namnet på, fordi det ikkje fanst kontaktinfo på han.

Etter mykje søking på Google og Facebook kom han fram til ein mann, som han var sikker på at var faren. Då var det berre å ta opp telefonen og ringe.

– Eg har venta på at du skal ringe. Alle her veit om deg, var svaret han fekk frå den biologiske faren.

Den biologiske faren til Djupvik hadde jobba på ein norsk båt. Då dei låg til hamn over lengre tid møtte han ei jente. Han reiste vidare utan å vite at jenta hadde blitt gravid. Det fekk han først vite då Øystein vart adoptert bort, like etter han vart fødd.

Djupvik om mor si

Gledeleg første møte

Djupvik avtalte å kome på besøk til familien i Liverpool. Det første møtet med halvsøskena og faren vart sterkt.

Øystein Djupvik som liten

BARNDOM: Øystein Djupvik var tre månadar gammal då han kom til adoptivfamilien sin.

Foto: Privat

– Det kjennest som om eg har vunne eit lotteri, seier Djupvik.

I England hadde dei samla heile familien til fest. Der fekk han møte 70–80 slektningar. Det blir fleire turar til Liverpool, og neste gong skal han ta med borna.

– Dei synest det er veldig spennande. Vi skal snart over, då blir det fotballkamp på Anfield stadion.