Hopp til innhold

Møtte på ras på omkøyringsveg

Gustav Skaar måtte ta omkøyringsvegen heim til Stongfjorden etter at rasfare stengde fylkesveg 609. Men då han nærma seg møtte han fleire ras.

Ras i Askvoll

STÅR I KØ: Ei rekkje bilar står i kø etter at fylkesveg 609 mellom Holmedal og Eikenes er stengd av ras.

Foto: Gustav Skaar

Store nedbørsmengder fører til vanskelege køyreforhold på mange av vegane i Sogn og Fjordane fredag ettermiddag og kveld. Ei rekkje vegar er stengde på grunn av ras, rasfare og store vassmassar.

Gustav Skaar pendlar mellom Førde og Stongfjorden, og fredag kveld måtte han velje omkøyringsvegen heim. Fylkesveg 609 mellom Førde og Stongfjorden er nemleg stengd på grunn av rasfare, og alternativet vart dermed via Dale og Holmedal.

– Først møtte vi på kø ved ferjekaia i Dale og måtte vente på fleire ferjer. Når vi kom over kom vi oss ikkje lenger enn til Bogane i Holmedal, der var vegen stengd av ras, seier Skaar til NRK.no i 17.45-tida.

Måtte køyre tilbake grunna rasfare

Skaar seier det er minst 30 bilar frå ferjekøen som no har blitt dirigert tilbake til Rivedal, nesten tilbake til ferjekaien.

Det skal ikkje ha vore trygt å stå der dei først vart stogga.

– Vi snakka med entreprenøren som var på staden, og dei ville få på plass utstyr for å rydde raset.

– Det eine raset skal vere litt lite, medan det andre skal vere større, seier Skaar.

Håpar han kjem seg heim

Det styrtregnar i området, og trafikantane held seg no i bilane og ventar på nærare beskjed.

Skaar håpar at han skal greie kome seg heim i løpet av kvelden.

– Vi får håpe dei greier rydde raset så vi kjem oss fram. Mange blir råka av dette, spesielt sidan den andre vegen også er stengd. Vi har ikkje sjanse til å kome oss nokon plass, seier han.

Vegen opna like etter klokka 18.30.