NRK Meny
Normal

Møtte kvalflokk i Dalsfjorden

– Det var veldig artig. Eit fantastisk syn.

Kvalflokk i Dalsfjorden

PÅ TUR INNOVER: Dette synet møtte båtfolk på ein nesten blikstille Dalsfjorden laurdag.

Foto: Annbjørg Øyri

Det seier Annbjørg Øyri til NRK.no etter å ha komme tett på ein kvalflokk på Dalsfjorden laurdag ettermiddag.

Det var Firda som først fortalde om saka.

– Mykje større enn nise

Øyri fekk telefon frå broren som hadde vore på fiske, om at det eit uvanleg syn var å sjå på fjorden. Dermed var det berre å hive seg i båten.

– Vi drog ut frå Snekkevåg ved Fure klokka 11.45 i retning nordover mot Atløy då vi møtte flokken. Det var nærmare 20 kvalar, fortel Øyri som freista å telje sjødyra.

Ho er til dagleg busett i Lærdal, men kjem opphavleg frå Dalsfjorden. Småkval som niser er ikkje eit uvant syn i vestlandsfjordane, men eit liknande som det ho såg laurdag, har ho ikkje vore vitne til.

– Dette var ikkje niser. Dei var langt større. Det verka som dei opererte i flokk. Dei kom rullande tre-fire stykk om gangen. Og dei brydde seg ikkje om båten, fortel Øyri.

Hobbyfiskar: – Aldri sett liknande

Bror Oddvar Snekkevåg, som bur på Fure og er aktiv hobbyfiskar i området har heller ikkje sett liknande.

– Nei, eg har ikkje sett noko slikt før. Det var ein bra flokk med kval, cirka tjue stykk. Dei fór bortover fjorden med bra fart. Sjølv køyrde vi med ein 4–5 knop; då haldt vi akkurat følge med dei, seier Snekkevåg til Firda.

Seinare laurdag ettermiddag er fleire kvalar observert ved Helle på nordsida av Dalsfjorden.