Møtte innbyggjarane om tryggleiken ved Årsetelva

– Eg kjenner meg tryggare og tryggare for kvar dag som går. Når arbeidet er ferdig, så har Årsetelva aldri vore tryggare, seier Bernt Kjøsnes på Vassenden.

NVE på synfaring i Årsetbakkane

FÅR SKRYT: NVE får mykje skryt frå innbyggjarane i Årsetbakkane for sikringsarbeidet som er gjort etter flaumen i sommar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han har elva som næraste nabo og er ein av fleire som i slutten av juli fekk naturkreftene vel tett på hus og heim .

Sidan har NVE jobba med å sikre elva att. Distriktsingeniør Anders Muldsvor seier NVE fokuserer på liv og helse.

Anders Muldsvor og Brigt Samdal i NVE på synfaring i Årsetbakkane

BLIR TRYGGARE: – Det blir tryggare og tryggare etter kvart som vi går fram. Samstundes har vi også fokus på beredskap, og vi har god og tett dialog med kommunen prognosar, seier Anders Muldsvor (t.v.), som fredag var på synfaring saman med regionsjef Brigt Samdal (t.h.)

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er tiltak som sikrar mot at Årsetelva går over breiddene og renn ned mot byggefelt og institusjonar på Vassenden, seier han.

Ferdige i 2020

Fredag møttest NVE, kommunen og innbyggjarane i byggjefeltet Årsetbakkane for «utveksle informasjon». I møtet kom det fram at arbeidet med å sikre elva først vil vere ferdig til sommaren 2020.

– Vi ser føre oss å sluttføre krisetiltaka vi har starta på i januar/februar. Så arbeider vi vidare med hastetiltak og fullføring av sikringsprosjektet i juni, seier Muldsvor.

Parallelt med arbeidet i og langs elveleiet, planlegg etaten permanente sikringstiltak.

– Dei må få tida dei treng

Bernt Kjøsnes og familien evakuerert på Jølster

UTRYGT: – Eg kjenner meg stort sett ikkje veldig utrygg. Det er verre når det er meldt store nedbørsmengder. Då må vi ta forholdsreglar, seier Bernt Kjøsnes.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Det er eit krevjande arbeid entreprenørane har. Bernt Kjøsnes er ein av bebuarane som er imponert over arbeidet som er gjort.

NVE er godt i gang med muren som skal sikre eigedomen hans mot elva.

– Ønskesituasjonen er at arbeidet går fortare, men eg ser dei må få tide dei treng for at det skal bli bra. Når elva blir skikkeleg sikra, er eg ikkje utolmodig, seier han.

Fredag var det viktigaste for han å høyre kva planar etaten har for arbeidet.

– Ein ting er kva eg ser i elva utanfor huset. Ein annan ting er å få stadfesta at det blir sikra også ovanfor, seier han.

Budd på å rømme huset

Huset til Bernt Kjøsnes på Vassenden

MUR: NVE jobbar seg oppover elveleiet og har snart fått bygt opp att muren som skil huset til Bernt Kjøsnes frå elva.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Då det rasa i slutten av juli tok elva med seg delar av eigedomen hans . Etter det har Kjøsnes og familien rømd huset ved to høve når det har vore varsla store nedbørsmengder. Seinast førre helg .

– Det vil eg halde fram med til det er bygt opp att langs tomta vår og sideelva, som går utanfor løpet, er leia inn att i Årsetelva. Det var antyda at busetnaden skal vere sikra til 1. desember, seier Kjøsnes.

– Men det avheng av godt vêr og ingen fleire plutselege hendingar. Til no har dei i alle fall gjort ein utruleg god jobb. Og dei har vore her frå dag 1, seier han.

Kommunen følgjer opp

NVE på synfaring i Årsetbakkane

I GANG: NVE er godt i gang med å sikre Årsetelva på Vassenden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Under fredagens møte budde NVE innbyggjarane på at dei framleis vil høyre lyd frå rasmassar som går med elva. Det ligg att mykje lausmasser etter raset.

– Til arbeidet er ferdig vil vi nok både høyre og sjå lausmassar som flyttar seg nedover, seier Kjøsnes.

Det kan vere skremmande for bebuarar som allereie har fått seg ein støkk. Kommunen vil følgje opp dei som kjenner på uro etter rasa den siste tida.