Hopp til innhold

Turfølgje møtte hoggorm i januar

– Vi fekk hakeslepp, seier turfølgjet om den sjeldne opplevinga.

Hoggorm

AKTIV: Turfølgjet frå Florø møtte denne hoggormen på tur ved Svartevatnet ved Sagevika forrige helg.

Foto: Bjørn Angell Jacobsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Då Bjørn Angell Jacobsen saman med hunden Dagny og tre andre turkameratar var på tur i Barlindbotn i helga fekk dei seg ei overrasking.

– Brått byrja Dagny å gøy iltert, og vi skjønte ingenting.

Det var Firdaposten som først omtalte saka.

Turfølgjet kunne ikkje forstå kvifor hunden reagerte slik som ho gjorde. Så oppdaga dei årsaka: Ein hoggorm kraup i lyngen.

– Vi fekk hakeslepp. Ein hoggorm midt på vinteren. Det skal jo ikkje vere slik i januar månad!

– Heldigvis er hunden redd orm

Jacobsen fortel at ormen fort søkte tilflukt under ein stein, mest truleg der den hadde vinterbolet sitt. Dei greidde å pirke ormen fram frå under steinen, for dette måtte dokumenterast.

– Det tidlegaste eg har sett hoggorm har vore rundt første veka i april. Noko eg synest har vore tidleg, men eg kunne aldri førestille meg å møte på orm i januar månad.

Turfølgjet fekk tatt bilete av den aktive ormen før dei kom seg vidare. Jacobsen er glad Dagny kom ifrå hendinga utan å bli biten av ormen.

– Heldigvis så var hunden redd, og nærma seg ikkje ormen.

– Svært uvanleg syn

Zoolog Petter Bøckmann ved Naturhistorisk museum seier han har fått fleire meldingar om hoggormar som har vakna tidleg frå dvalen i år. Men han har aldri tidlegare høyrt om det.

– Det er ikkje særleg vanleg. Hoggormen plar normalt kome fram når snøen reiser, og det er ikkje før ut i april.

Men om du ser ein hoggorm på denne tida av året, vil det ikkje vere særleg futt i han.

– Ofte er dei litt treige, for dei har ikkje ete før dei la seg i dvale. Og hannhoggormen skal av garde og opprette territorium og vente på hohoggormen som han skal pare seg med. Dei er ikkje så interesserte i folk, det er andre ting som er øvst i topplokket på dei.

Toler ikkje frost

Så lenge det er plussgrader i lufta går det bra med hoggormen, men om det kjem ein kuldeperiode igjen vil han få problem. Zoologen seier at sidan ormen ikkje har pels, toler den ikkje frost. Så kjem kuldegradene igjen, skjer to ting, skal vi tru Bøckmann.

– Anten fryser han i hel eller så kjem han seg tilbake i dvale. Dei må finne eit frostfritt stad og ligge der til det vert levelege forhold igjen.