NRK Meny
Normal

Møtte departementet om ny E39

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og Svein Sunde (Gode Vegar AS) møtte fredag samferdsledepartementet for å få fortgang i planlegga av nye E39.

Svein Sunde, Bård Hoksrud og Bjørn Lødemel

OPPFØLGING: Svein Sunde (t.v.) i Gode Vegar og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) møtte fredag statssekretær Bård Hoksrud (Frp) for å få fart på planlegginga av indre trase for E39 i Nordfjord.

Foto: Samferdsledepartementet

Bakgrunnen for møtet var å sette fart i arbeidet med planprogrammet for strekninga E39 Byrkjelo – Grodås.

Både Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og Svein Sunde i Gode Vegar seier seg nøgde etter møtet med statssekretær Bård Hoksrud (Frp).

– All erfaring viser at det er viktig å halde tempo i planlegginga dersom ein skal kome i posisjon for løyvingar i Nasjonal Transportplan, seier Bjørn Lødemel (H) etter møtet.

NTP i 2017

Statens vegvesen har lagt til rette for å starte arbeidet med planprogrammet i 2015. Lødemel seier det er viktig at arbeidet blir starta så raskt som råd så programmet blir godkjent i løpet av 2015.

Håpet å få prosjektet i posisjon til Nasjonal Transportplan (NTP) blir revidert i 2017.

– Forslaget til planprogram skal ut på offentleg høyring i 6 veker, og det tek gjerne 6–8 månader frå oppstart og til kommunane har godkjent planprogrammet, seier Svein Sunde.

Tunnel og bru

I prosjektet ligg det både tunnel gjennom Utvikfjellet og bru over Nordfjord.

Sunde legg til at det etter nye tunneltryggleiksføreskrifter også hastar med å få starte planlegginga av E39-erstatninga for tunnelen gjennom Kjøshammaren.

– Statens vegvesen må sikrast naudsynte planleggingsmidlar framover, noko både Statssekretæren og representantane frå Vegdirektoratet noterte seg, seier han.