Hopp til innhold

Møtte Iron Maiden-bassisten på matbutikken - – Eg var ganske skjelven i timane etterpå

– Der går jo Steve Harris, sa Øyvind Selvik på tull til fetteren sin då han såg ein langhåra mann gå på gata. 44-åringen frå Kvammen i Askvoll fekk nesten sjokk då han såg at det faktisk var den verdskjende rockelegenda som spaserte på Bryggen i Bergen.

Øyvind Selvik og Krister Hawkes møtte Steve Harris på matbutikken

STARSTRUCK: Øyvind Selvik (t.v.) og Kristen Hawkes (t.h.) møtte rockelegenda Steve Harris på ein matbutikk i Bergen.

Foto: privat

I kveld spelar Iron Maiden konsert på Koengen i Bergen. Bandet har sidan oppstarten i 1975 spelt seg opp til å bli eit av dei mest innflytelsesrike banda i heavy metal-sjangeren, og har seld over 100 millionar album i heile verda.

Det var bassist Steve Harris (58) som starta bandet, og det er berre han og gitarist Dave Murray (57) som har vore med på alle albuma bandet har gitt ut.

Øyvind Selvik (44) frå Kvammen i Askvoll og fetteren Kristen Hawkes skal på konserten i Bergen laurdag kveld, men fredagen har allereie synt seg å bli eit høgdepunkt.

Sprang etter han

– Eg og fetteren min kom køyrande nedover Bryggen. Der går det eit par personar på fortauet, ein av dei med langt hår. «Der går Steve Harris» sa eg på tull. Så sa Kristen «men det er jo han!». Då måtte me jo prøva å få ta eit bilete med han, seier Selvik.

Steve Harris i IRON MAIDEN

HARDT: Steve Harris i aksjon på scena.

Foto: YURI CORTEZ / AFP

Dei køyrde eit par hundre meter og parkerte i eit parkeringshus, og så sprang dei oppover gata og lurte på kvar det hadde blitt av Harris. Hawkes føreslo å sjekka ut ein Rimi-butikk som var der, så dei gjekk inn der.

– Og der var han! Han hadde med seg livvakt, og då me gjekk bort rista livvakta på hovudet. Men Steve Harris sa det var greitt, så då spurde me sjølvsagt om å få ta bilete med han, seier Selvik.

Han og Hawkes var «ganske shaky» dei neste timane etter møtet med ungdomshelten.

– Det er jo på ein måte sjefen i Iron Maiden. Det var han som starta bandet for nesten 40 år sidan, og så treff me han på Rimi!

– Men eg rakk ikkje sjå kva han hadde i handlekorga, det var eg litt for «starstruck» til, legg Selvik til og ler.

Hekta på Maiden

Bruce Dickinson

ALT MOGLEG-MANN: Vokalist Bruce Dickinson, her med to unge fans på eit flyshow på Værnes førre veke.

Foto: Erland Knutsen/NRK

Vokalist Bruce Dickinson er ofte i media. Han er pilot og flyr ofte sjølv når bandet skal på turné og han er føredragshaldar og har blant anna vore i Florø på Temposeminaret.

Harris plar ikkje stikka seg slik fram, men er ikkje ukjend med å visa seg på arenaer ein kanskje ikkje skulle tru ein fann ein verdskjend rockehelt. I 2010 såg han ein femtedivisjonskamp i Sarpsborg fordi sonen hans, George Harris, spelte der den hausten.

Steve Harris på Trosvik-kamp

PÅ FOTBALLKAMP: Steve Harris (t.v.) på norsk femtedivisjonskamp i fotball.

Foto: Sebastian Nordli

Selvik driv kulturskulen i Askvoll, spelar mykje musikk på fritida og har følgt Iron Maiden sidan ungdomsåra.

– Eg var hekta på Maiden då eg var tenåring, så å treffa på Steve Harris no var veldig kult.

– Etter møtet stod me der ganske lamslåtte. Han er jo ei legende, og er kanskje grunnleggjaren av heavy metal-bølgja som kom på 80-talet. Men han var litt mindre enn eg trudde, flirer Selvik.

For Selvik og Hawkes vart det ein god start på konserthelga. No gler han seg til å sjå Harris på scena.

– Eg har sett Maiden eit par gonger tidlegare, og det er alltid bra. Det er spesielt å sjå dei i Bergen, det er fint vêr og dei er eit fantastisk liveband. Eg har vore på hundrevis av konsertar, men konsertane med Iron Maiden er dei beste. Eg har store forventingar i kveld, avsluttar han.

IRON MAIDEN

IRON MAIDEN: Med Steve Harris i midten.

Foto: AIJAZ RAHI / AP