Hopp til innhold

Møtt med krav om gang- og sykkelveg

Då medlemmene i Transportkomiteen på Stortinget køyrde frå Loen til Førde tysdag ettermiddag, vart dei stansa i Kusslia mellom Moskog og Førde. Dei som bur langs denne strekninga av E39 krev at det blir bygt gang- og sykkelveg. E39 har stor trafikk, og vegen blir brukt som skuleveg. Også mellom Olden-Innvik på Noregs verste veg vart komiteen stoppa av aksjonistar som skulle fått gangveg der, men som likevel ikkje vert bygd trass i at det kjem ny veg. Komiteen tok seg tid til å høyre på dei frustrerte aksjonistane.

Aksjon for gang- og sykkelveg i Kusslia i Førde
Foto: Oddleif Løset / NRK