Hopp til innhold

Møtt av flaggermus på trappa

Då huseigaren på Jølster kom heim ut på ettermiddagen, sat flaggermusa på trappa.

Flaggermus

- Dette er ikkje noko vanleg syn, stadfestar Martin Fleissner Sunding ved Norsk Zoologisk Forening.

Foto: Privat

Som flaggermus plar gjere, hadde den festa seg opp ned - men på trappetrinnet.

- Dette er ikkje noko vanleg syn. Flaggermusa plar ikkje sette seg ned utandørs på ein slik måte. Den søkjer seg til ein mørk og varm stad for å sove, fortel Martin Fleissner Sunding ved Norsk Zoologisk Forening .

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaggermus

Flaggermusa likte dårleg å bli forstyrra.

Foto: Privat

Vil sove på dagtid

Pattedyret trivast best når det er mørkt, og søkjer difor inn for å sove når det lysnar. På same måte som den søkjer ut for å jakte når mørkret legg seg. Men det var framleis lyst ute då huseigaren på Jølster kom heim att. Og på trappetrinnet sat flaggermusa.

HER KAN DU LESE MEIR OM FLAGGERMUSA

- Den kan ha blitt forstyrra på dagtid der den heldt til, slik at den tok ut og sette seg ned på første og beste stad for å sove vidare. Det kan også vere teikn til utmatting, seier Fleissner Sunding.

Svekka og sjuk

Han har også fleire teoriar til det uvanlege synet som møtte jølstringen. For normalt er det ikkje.

- Av og til finn ikkje ungane heim att etter første flytur. Då heng den seg berre ein stad. Men ut ifrå bilete kan det sjå ut som om flaggermusa er svekka, eller sjuk, seier han og legg til at han derimot ikkje er i tvil om at det er tale om ei nordflaggermus - den mest kjende arten.

Varmt og trygt

Om det er uvanleg med flaggermus på trappa, så er det større sjanse for at det på innsida av husveggen kan vere flaggermus.

- Hus er godt eigna for flaggermus. Gjerne på innsida av ytterveggen, der det er store nok hulrom til at den kjem seg inn, men for små til at rovdyr, som til dømes kattar, kjem seg inn. Der er det varmare enn i til dømes ein sprekk i fjellveggen, og den kjenner seg trygg, fortel Fleissner Sunding.

- Dårleg teikn

Han fortel at det er eit dårleg teikn å finne ei vaksa flaggermus på trappa. Ein unge kan ein derimot ta inn i ein boks og prøve å gje mat og vatn.

- Den kan jo ha landa uheldig og sett seg fast. Så det bør ein sjekke. Kan den fly, så la den fly. Om den kavar kring om på bakken, så er den nok utmatta eller sjuk og treng hjelp, seier han og fortel at Norsk Zoologisk Forening har eit apparat som tek imot og kan gje gode råd i så tilfelle.

Bruk hanskar

Flaggermusa er freda og kan ikkje drepast. Men dersom ein likevel finn det for godt å ta på ei flaggermus, oppmodar Fleissner Sunding til å bruke hanskar.

- Det er gunstig. Den kan bite små sår i huda og bittet er ikkje det reinaste som finnst. Ein bør unngå å få bitt av flaggermus. Når det er sagt, så er ikkje flaggermusa slik at den angriper og bit utan grunn. Det kan skje dersom du held den, forklarar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaggermus i Stryn

- Den sov godt sjølv om vi ville flytte den, fortel Ole Eltvik om denne vesle krabaten som sat godt fast på denne støypte trappa.

Foto: Ole Eltvik

Gjer ikkje skade

NRK fortalde for fem år sidan om ekteparet på Sandane som fekk huset sitt invadert av 30-40 flaggermus . Arvid og Majken Rygg vart då nedringt av folk med gode råd . Bestanden var likevel ikkje større enn den som Hans Christensens i Arendal bur saman med. Han delte bustad med 750 flaggermus i fjor.

- Flaggermusene gjer ikkje skade. Dei er ikkje gnagarar slik vanlege mus er. Dei held seg der dei er, flyg ut på nattestid for å jakte og kjem attende, seier Fleissner Sunding.

Andre historier frå dyreverda:

Gløym Bambi på glattisen - her er havørna

- Gaupa sprang rett mot meg

Hjort tok kveldsbad i sommarsola

Fekk verdas største beinfisk på besøk

Då Bambi besøkte Kjøsnesfjorden