Hopp til innhold

Dei raudgrøne vart møtt demonstrantar då dei landa i Florø

Litt før klokka 10 i dag vart Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen tekne imot av Liv Signe Navarsete på Florø lufthamn.

På flyplassen vart statsministeren sitt følgje møtt av demonstrantar frå Støttegruppa for den utviste flyktningen Simon og faren som vart sende ut av landet tidlegare i vår.

Stoltenberg hadde på førehand avtalt å gi støttegruppa eit par minutt på flyplassen, og heldt lovnaden og slo av ein rask prat med Kåre Leif Hollevik.

Navarsete vertskap

Statsministeren (Ap), kunnskapsministeren (SV) og kommunal- og regionalministeren (Sp) besøkjer Sogn og Fjordane og Hordaland som ein del av prosjektet «Samarbeid for arbeid.»

Ein ventande buss køyrde Stoltenberg, Halvorsen og Navarsete til Saga Fjord Base på Botnaneset utanfor Florø sentrum.

– Eg står i eit fantastisk vakkert Florø i dag og gler meg til å ønskje statsministeren og kunnskapsministeren velkomne til fylket. Det er eit privilegium, sa Navarsete til NRK Sogn og Fjordane like før klokka ni onsdag morgon.

Vil ha innspel til næringspolitikken

Besøket startar på oljebasen i Florø, etterfølgt av Hardbakke i Solund, før turen blir avslutta i Bergen.

– Turen er eit ledd i ein turné som vi har for å snakke med folk om korleis framtidas næringsliv skal vere. Få innspel til kva som bør vere politikken for å stimulere gründerar og dei som alt har bedrifter, både store og små. Slik at vi også i framtida skal ha eit blomstrande næringsliv både i Sogn og Fjordane og resten av landet, seier Navarsete.

Program for dagen:

Klokka 10.00: Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete besøkjer Saga Fjordbase i Florø. Etter omvisinga på oljebasen går følgjet om bord i ein båt som transporterer dei vidare til Solund.
Klokka 12.30: Hardbakke i Solund. Stoltenberg, Halvorsen og Navarsete besøkjer mellom anna ungdomsskulen på Hardbakke, før dei inviterer til samråd om regional innovasjon og verdiskaping. Samrådet går føre seg på båten, på veg til Bergen.

Deltakarane i samrådet er:
* Gunn Åmdal Mongstad, ordførar (Sp) i Solund
* Marta Bjarnhiddotter Myhr, ungdomsrådsleder i Solund
* Tom Færøy, Nord-Solund Fiskeriselskap
* Njål og Linn Wilberg, Ask Adam
* Johnny Haugsbakk, Elis AS
* Svein Arild Vatsø, kulturgründer
* Jørn Mikalsen, VideoNor

Får skryt frå Innovasjon Norge

At statsministreren prioriterer gründerar frå nye næringar, og ikkje dei tradisjonelle når han kjem til fylket, er positivt, meiner direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

– Eg trur det er viktig at dei kjem til Sogn og Fjordane og får råd om dette, for Sogn og Fjordane skil seg ein del frå andre regionar og andre område i landet der ein ser framveksten av kunnskapsbaserte verksemder. Med vår spreidde struktur og ingen tunge senter, så har ein kanskje ikkje den same automatikken og dynamikken til å få til denne typen arbeidsplassar, seier Flatland

Fleire aksjonistar står klare

Under besøket til dei raudgrøne står fleire interessegrupper klare til å fremje sine bodskap.

I Solund står bebuarar på Fedje klare til å vise kva dei meiner om at regjeringa har utsett hevinga av det tyske ubåtvraket som inneheld kvikksølv like utanfor fjæresteinane på øya i Nordhordland

Andre statsrådar kjem til Bergen

I Bergen vil statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken gjeste bedriftene Tide Buss og Radisson Blu Hotel Norge, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Ps. Sist Stoltenberg gjesta Sogn og Fjordane var det også i samla tropp med Navarsete og Halvorsen - på klimakonferanse i Fjærland i fjor.