Hopp til innhold

Motorsyklistane ville over fjellet der brøytemannskap køyrer med hjartet i halsen

Ut frå snøkavet kom to motorsyklistar med sidevogner. Dei ville over ein vêrhard fjellovergang midt på tjukkaste vinterstid.

Motorsyklistar på veg over Vikafjellet

HER, MEN IKKJE LENGER: Dei tyske motorsyklistane ville over fjellet, men det fekk dei ikkje lov til.

Foto: Erling Stokkebø

Vegen som går mellom Vik i Sogn og Myrkdalen i Voss kommune er ein hyppig gjest på Vegvesenet si liste over stengde vegar. Difor var det med store auge brøytemannskapet såg kven som ville over fjellet på ein uvêrsdag med kolonnekøyring.

– Dei skulle absolutt vere med i kolonnen over fjellet, seier Erling Stokkebø.

Han driv selskapet Stokkebø Maskin, som var ute på vegane for å rydde unna snø, då dei to tyske motorsyklistane stilte seg i kø.

– Dei meinte det ikkje var noko problem å kome over med motorsykkel. Dei var litt stridige til å byrje med, men vi gav dei grei beskjed. Vi ville ikkje ta dei med ikkje med i slikt uvêr, seier han.

Uvêr og ras set brøytemannskap på prøve gjennom heile vinteren på Vikafjellet, noko som gjer at dei ofte sit med hjartet i halsen når jobben må bli gjort. For brøytemannskapet er det langt frå vanleg å sjå motorsyklar på fjellet om vinteren.

– Dette har eg aldri opplevd før. Eg har sett ein som køyrde over med motorsykkel, men då var det ope over fjellet, seier Stokkebø.

Sjølv om motorsyklane hadde vinterdekk, så var det aldri aktuelt å la dei køyre over fjellet mot Voss.

– Ein plass går grensa, seier Stokkebø.

– Meir uroa for dei som køyrer elbil

Ikkje alle er like einige i avgjerda til brøytemannskapet.

– Det ville vore sikrare å sende desse to over fjellet, enn til dømes ein bil med berre tohjulsdrift, seier Bernhard Øyangen.

Han kjenner godt til dei to motorsyklistane frå Tyskland, og meiner dei var meir enn godt nok skodde til ein tur over fjellet.

– Dette er erfarne folk som har køyrt på vintervegar i Noreg i fleire titals år utan problem. Då blir du litt fornærma når du får beskjed om at du ikkje slepp over, seier Øyangen, som sjølv er ein røynd motorsyklist.

Han er uroa over noko som er langt meir vanleg på norske vegar.

– Eg er meir uroa for byfolk, som køyrer elbilar med piggfrie dekk på fjellovergangane.

Brøytemannskap kjempar mot snømengdene på Vikafjellet. Eit 50 meter breitt og 5 meter høgt snøskred har stengd rv. 13 over Vikafjellet i fleire dagar. Oppryddingsarbeidet er det gjengen i Stokkebø maskin som står bak. Uvêr og ras set brøytemannskapa på prøve nesten heile vinteren igjennom.

BRØYTE: Uvêr og ras set brøytemannskapa på prøve nesten heile vinteren igjennom.