Hopp til innhold

Motorsyklist treft av planke

Last på tilhengarar og biltak blir alt for dårleg sikra, meiner motorsyklist Geir Tjøtta.

Geir Tjøtta med planken som trefte han
Foto: MMS-foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Han vart treft av store plankar som fall av ein bil han møtte og trudde han s siste time var komen.

- Trudde det var slutt

- Det var heilt grusomt, det første eg tenkte på var å få haka så langt ned eg kunne, og det var ned på tanken, lenger kom eg ikkje. Og då trudde eg det var slutt.

Møtte pick up

I 70 kilometer i timen mellom Naustdal og Førde møtte motorsyklisten Geir Tjøtta ein pick up lasta med treplankar. I ein sving losna treplankane frå lasteplanet, og ein av dei trefte motorsyklisten.

- Fauk av sykkelen

- Då fauk eg av sykkelen og landa med bakhovudet først. Det var ikkje godt, det var ein skikkeleg smell.

Sykkeldelar strødde

Deler av motorsykkelen til Geir Tjøtta
Foto: MMS-foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Han er tilbake på ulukkesstaden. No er det nesten ei veke sidan det small, men framleis ligg det mange sikre bevis på ulukka langs vegkanten.

- Her har vi sidedeksla og her er ei lykt. Mesteparten er vekk av det som var framme på motorsykkelen.

- Bør sikre lasta betre

I dag er han overlukkeleg for at han er i live, men han er svært skuffa over at folk ikkje sikrar lasta betre.

- Det er alt for mange som ikkje sikrar lasta skikkeleg. Eg har møtt fleire som burde ha festa lasset sitt betre. Eg fattar det ikkje, dei kan vel ikkje ha slikt hastverk at dei ikkje strammar skikkeleg til eller stansar for å kontrollere.

Høgsesong på avfallsplassar

På avfallsanlegget til Sunnfjord Miljøverk i Hesjedalen i Førde er det no høgsesong. Men det er langt frå alle som sikrar lasta godt før dei set kursen mot avfallsplassen, seier driftsleiar ved anlegget, Kjell Bu.

- Mange hiv svarte bossekkar med lett avfall på toppen av hengaren, og det flagrar lett av.

- Kva er grunnen til at dei ikkje sikrar lasta betre?

- Dei tenkjer kanskje ikkje godt nok over det, dei er gjerne ikkje vande med å køyre med hengar.

- Eg var heldig

No håpar motorsyklist Geir Tjøtta at ikkje fleire får oppleve det han gjorde.

- Det var iallfall ei sjokkerande oppleving. Eg får håpe at dei som legg ut på vegen med last tjorar skikkeleg. Eg var veldig heldig som kom frå det utan alvorlege skadar.