Hopp til innhold

Motorsyklist må i fengsel etter råkøyring

Ein mann ifrå Nordfjord er dømt til 20 dagar i fengsel etter å råkøyrt på motorsykkel gjennom Våtedalen.

Sogn og Fjordane tingrett

VART DØMT: Mannen vart dømt til 20 dagar i fengsel, og mista også førarkortet sitt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen vart teken i 146 kilometer i timen i 80-sona gjennom Våtedalen mellom Jølster og Gloppen. Han vart dømt etter å ha kome med ei atterhaldslaus tilståing i Sogn og Fjordane tingrett.

Retten tykkjer det er særleg gale at det er i samband med ei forbikøyring at mannen har kome opp i den høge farten, og har skjerpa straffa på grunn av det.

Vart stogga i fartskontroll

Det var ein onsdagskveld tidlegare i haust at politiet stogga motorsykkelen i ein ordinær trafikkontroll.

Mannen får 20 dagar i fengsel, og får ikkje lov å køyre bil eller motorsykkel på 19 månadar. Han må også ta oppkøyringa på nytt før han får tilbake førarkortet sitt.