NRK Meny
Normal

Motorsykkelpassasjer (61) lettare skadd etter ulukke

Ei 61 år gamal kvinne vart frakta til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke i Stryn.

Trafikkulukke i Stryn

KOLLISJON: Motorsykkelpassasjeren vart sendt til Førde sentralsjukehus etter ulukka i Stryn sentrum.

Foto: NRK.no-tipsar

Ulukka vart meldt klokka 1220, då motorsykkelen kvinna sat på krasja med ein bil i eit vegkryss på riksveg 15 i Stryn sentrum.

– Passasjer på motorsykkelen, ei kvinne, er sendt med luftambulanse til sjukehuset i Førde. Dei andre står fram som uskadde, opplyser politiet.

AMK opplyste seint søndag kveld at 61-åringen er lagt inn med lettare skader.

I tillegg til dei to på motorsykkelen, var det to personar i bilen.

– Motorsykkelen køyrde på forkøyrsveg, medan bilen svinga innpå frå ein sideveg, opplyser operasjonsleiar Marianne Føleide ved Vest politidistrikt i Florø.

AMK opplyser på Twitter at ein person blei sendt til lokal legevakt for kontroll, medan dei to andre personane vart dimittert på staden.