NRK Meny
Normal

Motorsykkel krasja i parkert bil

Ein mann i 60-åra frå Nordfjord er frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde etter at han krasja med motorsykkel inn i ein parkert bil i Måløy.

Motorsyklist krasja i parkert bil

BRÅSTOGG: Føraren av motorsykkelen har no blitt frakta til sentralsjukehuset i Førde, med mistanke om lårbeinsbrot.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Alle naudetatane rykte ut til ulukka, som skjedde i Gate 1 i Måløy sentrum. Motorsykkelføraren var medviten etter samanstøyten.

– Det er mistanke om lårbeinsbrot og føraren blir frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde, seier Ole Tom Nord ved operasjonssentralen i Florø.

Politiet opplyser klokka 20:06 at det ikkje skal vere snakk om livstruande skader. Dei har ikkje mistanke om at promille eller høg fart var årsaka til ulukka.

Laster Twitter-innhold
Motorsykkel krasja med parkert bil

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykte ut til ulukka.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Laster kart, vennligst vent...
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast