Hopp til innhold

Motorsykkel køyrde i bil bakfrå

Alle naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke på Fylkesveg 60 mellom Innvik og Olden fredag kveld.

ulukke

Politiet fekk meldinga klokka 21.06.

– Ein motorsykkel har køyrt i ein bil bakfrå. Skadeomfanget er førebels ukjend, opplyser vakthavande ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK.

Klokka 21.40 opplyser politiet til NRK at det ser ut til å ha gått bra med føraren av motorsykkelen.

– Ambulansen har no køyrd frå staden utan føraren av motorsykkelen, så ut frå rapportane frå staden framstår det som føraren ikkje er skadd, seier operasjonsleiar Kjetil Drange.

Ulukka skjedde mellom Agjeldstunellen og Olden.

NRK oppdaterer saka.