NRK Meny

Motorstopp i Lærdalstunnelen

I ettermiddag fekk ein buss motorstopp i Lærdalstunnelen. Bussen frakta turistar, og nokre hadde gått ut av bussen. Brannvesenet har sikra staden og dirigerer trafikken. Ventilasjonen er skrudd opp for betre luftkvaliteten. – Bussen står i tunnelen og ventar på bilberging, alle turistane har kome ut av tunnelen uskadde og dette er heilt udramatisk, seier vaktleiar Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø.