NRK Meny
Normal

Motorinteresserte fekk spegle seg i lakken

Lukta av voks og lyden av livlege hestekrefter har sett sitt preg på saftbygda i helga.

Buldrande doningar, men stasa opp til det ytterste på Amcar-treff i Sogndal.

BLANK MESSING: Her kan du sminke deg i lakken. Kva er din favorittbil? Foto/redigering: Christian Blom

I helga var det MC-treff på Leikanger. Motorsykkelentusiastar samla seg og køyrde i samla flokk både frå Skei, Hella og Sogndal.

I Sogndal samla Amcar-entusiastar seg til treff i Sogndal. Her fekk polish og vask av bilen verkeleg bryna seg på solskinet.

Motorsykkelentusiastane kunne ikkje hatt ein betre dag å vise seg fram på. I sola blenkte det frå både førar og sykkel.

BULDER OG BRAK: Det poppar litt i potta når MC-folk rullar ut på vegen. Foto/redigering: Christian Blom

I alt var det rundt 150 bilar på vårmønstringa som vart ekstra vellukka når sola dukka fram så den nypolerte lakken på bilane verkeleg fekk vise seg fram.

Vegopning på Bergum i Førde kommune