Hopp til innhold

Møter tidlegare eigarar i retten

Ein krangel om betaling for laust inventar fører no til rettssak mellom Stryn Sommerski Eigedom og dei tidlegare eigarane Pop Norge AS.

Stryn Sommerski

MÅ MØTE I RETTEN: Eigedomsselskapet Stryn Sommerski Eigedom må denne veka møte dei tidlegare eigarane av skianlegget i Fjordane tingrett.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Krangelen handlar om oppgjer for alt frå dekketøy, laken og senger og anna laust utstyr.

Tapar Stryn Sommerski Eigedom kan dei måtte betale over ein million kroner.

Konflikt med tidlegare eigarar

Stryn Sommerski Eigedom må i dag og i morgon må dei møte i Fjordane tingrett. Det skjer for å avklare ein årelang diskusjon med dei førre eigarane om oppgjer for laust inventar.

Pop Norge AS som er eit selskap eigd av familien Skibenes på Nordfjordeid er motpart. Konrad Skibenes er styreleiar og Hans Rasmus Skibenes er dagleg leiar.

Verksemda eigde og dreiv sommarskisenteret frå 2006 til 2010. Det året selde dei anlegget til Stryn Sommerski Eigedom som er eigd av lokale investorar som Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og Stryn kommune.

Kravet frå Pop Norge er avgrensa oppover til vel ein million kroner for ei rekkje lause gjenstandar. Dette er gjenstandar som anten har vore på Stryn Sommerski, eller på Folven Camping, som i ei periode også var eigd av sommarskisenteret.

Kan sitje att med millionrekning

Stryn Sommerski Eigedom avviser blankt kravet som stort sett går på ting knytt til overnatting og servering.

Skulle Pop Norge AS nå fram med heile kravet, vil Stryn Sommerski Eigedom få ei millionrekning som truleg kan sende skisenteret inn i nye økonomiske vanskar.

Nyleg vart det kjent at skisenteret skal opne i år, med hjelp frå lokalt næringsliv, bank og Stryn kommune.

Ifølgje næringslivsnettstaden Nett.no skal Idar Aaboen frå Skjåk ha inngått ei intensjonsavtale om å kjøpe anlegget. Om det faktisk skjer blir avgjort på seinsommaren.

NRK har snakka med advokatane til partane som ikkje vil kommentere saka.

Det vil heller ikkje styreleiar i Stryn Sommerski Eigedom Ola Flo, eller Hans Rasmus Skibenes. NRK har ikkje fått kontakt med Konrad Skibenes.