NRK Meny
Normal

Møter rumensk delegasjon om barnevernssak

Rumenske parlamentarikarar og ambassadetilsette kjem onsdag til fylket i samband med ei omstridd barnevernssak.

Anne Karin Hamre

SKAL INFORMERE: For Fylkesmann Anne Karin Hamre blir det viktig å leggje fram grundig informasjon om det norske lovverket på onsdagens møte med politikarane frå Romania.

Foto: Daniel Catana/NRK/Stine Kyrkjebø Johansen

– Då skal vi ha eit møte der vi kjem til å informere om Fylkesmannen si rolle, kva lovverk vi må halde oss til, og korleis det norske barnevernssystemet fungerer, seier Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre.

Den rumenske delegasjonen har allereie hatt møter med representantar frå Utanriksdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, samt Stortinget.

Vil møte kommunen og Fylkesmannen

Saka der barnevernet i fjor haust tok ut fem born frå ein norsk-rumensk familie i Sogn og Fjordane, har fått stor merksemd både i Romania og blant konservative kristne i fleire land.

Politiet har sikta foreldra for oppdragarvald, medan foreldra sine støttespelarar meiner norsk barnevern hindrar ei kristen oppdraging. Dette har ført til massive demonstrasjonar over heile verda, mellom anna i Bucuresti, London og Washington D.C.

På grunn av dette er den rumenske delegasjonen på rundtur i Norge. I førre veke var dei i Oslo og hadde møte med fleire frå styresmaktene.

– Dei ønskte dei også eit møte med Fylkesmannen og den aktuelle kommunen, seier Hamre.

Trur det kan bli fleire liknande saker

NRK har tidlegare fortalt om eit stort press både på kommunen, styresmaktene nasjonalt og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Hamre har aldri tidlegare opplevd så stor merksemd kring ei barnevernssak.

– Så stor merksemd internasjonalt har vi ikkje opplevd før. Men fleire ekteskap på tvers av landegrensene, og fleire med utanlandsk bakgrunn som er busett i Norge, betyr nok at dette kanskje ikkje er siste saka. Det er noko som vi må leggje meir vekt på i opplæring og rettleiing av barnevernet framover, seier ho.

Irland - demonstrasjon mot barnevernet i Norge

KAN BLI MEIR AV DETTE: Det trur Fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Hamre trur det er stor variasjon i kor vidt det i andre land er forståing for kva rolle barnevernet i Norge har.

– Det har vel til dels vore mykje feilaktig informasjon i det som er spreidd på sosiale medium. Men denne saka er forståeleg nok vanskeleg for rumenske styresmakter også. Så det blir viktig for styresmaktene i Norge å få ut så mykje sakleg informasjon som mogleg om norsk barnevern og det lovverket vi har her i landet.

Det blir også målet på møtet med den rumenske delegasjonen onsdag. Då skal også rumensk presse vere til stades.

– Vi håpar å få gjeve ein så balansert informasjon som mogleg, seier Hamre.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.