Hopp til innhold

Møter Brann til generalprøve: – Det må bety noko å ta på seg den kvite drakta

SOGNDAL (NRK): Sogndal har slite tungt dei siste vekene før seriestarten, men å møte Brann i generalprøven er optimalt, meiner trenar Eirik Bakke.

iEliteserien fotball 2016. Sogndals trener Eirik Bakke etter kampen Tromsø IL- Sogndal på Alfheim Stadion søndag ettermiddag.Kampen endte 2-0.

GLER SEG: Nesten fire månadar med sesongoppkøyring nærmar seg slutten. Sogndal-trenar Eirik Bakke gler seg til å kome i gang.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

– Ja, heilt klart, svarar Sogndal-trenar Eirik Bakke på spørsmål om Brann er den perfekte motstandar rett før eliteserien startar neste helg.

For Sogndal står med tre strake tap og 11 baklengsmål på dei tre siste treningskampane.

– Det blir bra å møte Brann no. Då skal tenninga vera heilt på topp, seier Bakke.

Men for Brann sin del kjem kampen på eit dårleg tidspunkt, og Brann-trenar Lars Arne Nilsen har tilbydd Sogndal å finne ein annan motstandar. Det melde Bergensavisen fredag (BA+).

Lars Arne Nilsen

AVLYSE: Brann-trenar Lars Arne Nilsen hadde helst sett at dei ikkje skulle spele mot Sogndal laurdag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi har tilbydd Sogndal å bytte motstandar og vi kjem ikkje nødvendigvis til å stille eit toppa lag, seier Nilsen til avisa.

Årsaka er at Brann møter Rosenborg til «Mesterfinale» onsdag, ein kamp mellom vinnaren av serie og cup. Brann fekk plassen der som sølvvinnar i fjørårets sesong, sidan RBK vann både serie og cup.

– Eg kan ikkje bry meg om kva Brann gjer. Vi må spele på vår måte. Uansett korleis Brann prioriterer denne kampen har dei mange gode nok spelarar til at det vert ein skikkeleg kamp, seier Sogndal-trenaren til BA

Prestisjemøte

Etter tre strake nederlag håpar Bakke å sjå eit meir gira Sogndal-lag.

– Eg håpar å få sjå eit Sogndal-lag som er meir på hogget. Det må bety noko å ta på seg den kvite drakta og kampane mot Brann lever sitt eige liv, seier Bakke.

Sogndal speler i ein 4-4-2 formasjon, medan motstandar Brann speler 4-5-1. Formasjonsmessig er ikkje Brann ein optimal motstandar før første seriekamp.

– Der møter vi Sarpsborg 08 som speler 4-4-2, men vi må tenke på oss sjølve og trena på måten vi skal spele på, seier Bakke.

Og at seriestarten nærmar seg gler han.

–Det er på tide å få starta sesongen no. Det har vore ei lang oppkøyring, avsluttar Bakke.

Kampstart mot Brann er laurdag klokka 16.00. Korleis det går kan du følgje her. Same plass vert det også lagt inn oppdateringar frå Florø sin generalprøve mot Raufoss, som har kampstart klokka 15.00 laurdag.