NRK Meny
Normal

Møter alle nedrykkslaga i mai

Iløpet av mai-månad møter Sogndal samtlege tre lag som kom ned frå Tippeligaen. Det same skjer i oktober.

Fosshaugane Campus

Heller ikkje sesongen 2010 kan fotballpublikumet sjå fram til 1. divisjonsoppgjer på 16. mai.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Allereie 5. mai heiter motstandaren Lyn. Nær tre veker seinare kjem Bodø/Glimt til Fosshaugane før turen går til "plankebyen" Fredrikstad 30. mai. Sportsleg leiar Trond Fylling trur det kan slå positivt ut.

- Vi veit at vi går inn i ein tøff periode, og veit at vi vil møte dei beste laga i divisjonen. Vi er på eit høgt nivå, og veit kva som må til, og kan bu oss godt. Det er heilt umogleg å dette nedpå i ein slik situasjon, seier han.

Ikkje gunstig

Fylling skildrar serieoppsettet som "ikkje venta". Sogndal opnar heime mot nyopprykka Ranheim 5. april og møter deretter Alta (b), før Sarpsborg kjem til Fosshaugane 18. april. Deretter står eit nytt nyopprykka lag for tur, Sandnes Ulf.

- Alle vil jo komme godt i gang, men å møte dei heilt nyopprykka i starten treng ikkje alltid vere heilt gunstig. Det er ofte då dei slår best ifrå seg, og så jamnar det seg litt utover. Dei fem-seks første kampane er alltid vanskelege, uansett kven ein møter, seier Fylling.

Borte 16. mai

Trond Fylling og Raoul Kouakou

Trond Fylling, her saman med ein av spelarane han har henta til Sogndal, Raoul Kouakou.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

16. mai er ein populær dag for heimekamp. I år gjekk turen til Stavanger, og heller ikkje i 2010 får Sogndal heimekamp. Då går turen til Strømmen. Fylling hadde i det lengste håpa at det vart heimekamp dagen før nasjonaldagen.

- Men saka er at det er krinsen og Firdaligaen som har 16. mai som "sin dag". Det er med vår velsignelse. Det er veldig viktig at vi får den interessa opp kring 3. divisjon og 2. divisjon, seier Fylling.

Lang pause

På grunn av VM får 1. divisjonsklubbane ein månad pause mellom vår- og haustsesongen. Siste vårkamp er 6. juni heime mot Moss. Neste kamp er 4. juli.

- Det som er interessant er at vi får ein tøff start på hausten borte mot Bryne og Moss. Statistisk sett tek ein flest poeng heime enn borte. Då blir det litt tøft å starte hausten med to bortekampar. Men det får vi att på slutten av sesongen, før vi avsluttar borte mot Ranheim, seier Fylling.

Har ikkje lagt lista

Sogndal har førebels ikkje lagt lista for neste sesong sidan stallen ikkje er heilt klar. Til no har klubben henta inn tre nye spelarar. Kaptein Rune Bolseth er usikker på kvar han spelar neste år. I tillegg meiner Fylling at det er litt tynt i forsvarsrekka.

- Drømmen er alltid å rykke opp, så får vi sjå kor heldige vi er på overgansmarknaden, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.