Møtedagen tok 18 timar i kommunen som ikkje heng i hop

«Båtsmellen» gjer at politikarar i nye Kinn kommune ikkje kjem i seng før langt på natt. – Eit demokratisk problem, seier kommunestyrerepresentant.

Daniel Henriksson

SLITEN: Daniel Henriksson sat oppe til 0330 natta før og las sakspapir. Her er han om bord i morgonbåten på veg til møtet, fyrst over midnatt var han heime.

Foto: Privat

– Eg trur vi skremmer vekk barnefamiliar, åleineforsørgarar og andre frå politikken, seier Sunniva Oldeide (33), og legg til:

– Vanlege folk må òg kunne vere politisk aktive.

18 timar. Det er tida det tok frå ho og ektemann og Raudt-kollega Daniel Henriksson (36) forlét heimen og drog på kommunestyremøte i Kinn denne veka, til dei var heime att. Heime har dei to små barn.

Ho kallar logistikkutfordringane i «Noregs raraste kommune» for eit demokratisk problem. På kartet ligg Kinn som ein klo rundt Bremanger, som er sin eigen kommune.

I tillegg gjer fjord og fjell at fleire av kommunestyrerepresentantane må reise sjøvegen. Men når møta dreg ut, er det fort gjort å miste rutebåten. Då er lange omvegar det einaste alternativet.

Eller som Jacob Nødseth (V) uttala etter at kommunestyret enno ein gong ikkje klarte å halde seg innanfor tidsskjema.

– Vi må berre innsjå at vi har gått på båtsmellen igjen.

Det var Fjordenes Tidende som omtala saka fyrst.

Laster kart, vennligst vent...

KINN: Kinn kommune er tidlegare Flora og Vågsøy kommunar. Bremanger i midten vil ikkje vere med. Ein båttur på noko over ein time er raskaste veg mellom kommunane.

Uroa for om ein klarer å gjere gode vedtak

Kinn kommune vart til etter enorm lokalpolitisk strid. Folket sa nei i to omgangar, men fleirtalet i kommunestyra valde å køyre over folkeviljen.

Nettopp reisetida var eit sentral argument for motstandarane.

– Eg er ikkje overraska, vi har prøvd å seie dette heile tida. Vi kan gjerne lage betre møterutinar, men avstanden kan vi ikkje avtale oss vekk frå, seier Sunniva Oldeide.

Sjølv måtte ho droppe dei siste timane av møtet for å rekke rutebåten heim til borna.

LES OGSÅ: Turen som i utgangspunktet skulle ta kring halvannan time, tok ordføraren åtte timar.

Laster kart, vennligst vent...

VEG: Kortaste bilveg frå Måløy til Florø (grøn) er 100 kilometer lang og tek kring 120 minuttar via Oldeide-Måløy. Heimvegen denne veka gjekk via Isane-Stårheim(blå), turen er 137 kilometer lang og tek 135 minuttar. Den raude ruta via Førde og Sandane vart ikkje naudsynt denne gongen, men kan vere siste alternativ når ferjene sluttar å gå.

Åleinemor uroa for om ho kom seg heim

For varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) vart dagen ein politisk elddåp. Fordi ordførar Ola Teigen (Ap) melde forfall, leia ho det over tolv timar lange kommunestyret, samt fem timar med reising og venting.

– Eg var heime rett over midnatt, vi stod opp klokka seks for å ta båten ned, så det vart ein lang og hektisk dag.

Ho er ikkje åleine. Når NRK ringer kommunestyrepolitikarane halv ti om morgonen, ligg framleis ein del av dei og søv. Fleire av representantane var ikkje i seng før langt på natt.

Kongsvik er åleinemor til to tenåringar, og delar Oldeide sin uro for familiar i politikken.

– Det var ikkje noko kjekt for meg heller å sitje i Florø og lure på om eg kjem meg heim, når eg har to born i hus. Det er kjempeuheldig, og set folk i ein veldig vanskeleg situasjon, seier varaordføraren.

Sidsel Kongsvik frå Senterpartiet - Kinn Kommune

INTENST: Sidsel Kongsvik frå Sp, her fotografert valnatta på veg til Florø.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil ha slutt på båtsmellane

Jacob Nødseth (V) meiner fleire, men kortare møter er det som trengst.

Jakob Nødseth

UROA: Jacob Nødseth (V)

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette syner utfordringa med å drive politikk på kysten av Sogn og Fjordane, vi kan ikkje berre setje oss på trikken og reise heim, seier Nødseth

– Er dette noko de har vald sjølve, ved å opprette Kinn kommune?

– Desperate tider krev desperate tiltak. Eg har framleis tru på at Kinn er starten på noko betre. Men skal ein få til ei god kommune, kan ein ikkje berre vedta ein god idé, ein må gjennomføre den også, eg ser konturane av at det klarar ein ikkje å gjere i Kinn.