NRK Meny
Normal

Møte om Førde Sentralsjukehus

Ordførarar frå Sunnfjord og Ytre Sogn skal møte statssekretær Vegard Harsvik i Helsedepartementet i neste veke.

På dette møtet skal dei diskutere framtida til Førde sentralsjukehus.

Møtet kjem i stand etter at styret i Helse Førde vedtok dramatiske kutt i sjukehustenestene i fylket for tre veker sidan. Sjukehusa i fylket må spare inn 60 millonar kroner innan utgangen av neste år.

Både fødeavdelinga på Nordfjordeid, fødestova i Lærdal og nærsjukehuset i Florø er freda av departementet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.