I Onsdagsportrettet 29. september 2004 fekk lyttarane møte ein av dei mest spennande unge norske dramatikarane, Maria Tryti Vennerød frå Sogndal og Førde. Høgdepunktet i karrieren til 26-åringen så langt er sigeren i ein stor svensk-norsk dramatikarkonkurranse. Der utropte fagjuryen Tryti Vennerød sitt stykke «Frank» til det beste av 54 innsendte manus. Det gav ikkje berre heider og ære, men òg 125 tusen kroner og dessutan oppføring av stykket i Oslo og Stockholm.
Høyr portrettet Noralv Pedersen har laga med dramatikaren:
(Foto: Arild Nybø, NRK)
På dramatikkfestival
I sommar vart ho nok ein gong plukka ut til Norsk dramatikkfestival ved Det norske teateret i Oslo. Ho har blitt høgt skatta ved dette nasjonale nynorskteateret. Teatersjef Vidar Sandem har spådd at Tryti Vennerød blir ein av dei mest vesentlege dramatikarane framover. Ho er ein veldig spennande skodespelforfattar, seier Sandem, både i forma, innhaldet og språket.
På Norsk dramatikkfestival i år vart einaktaren «Damen i luka» framført. Blant dei seks utvalde dramatikarane på festivalen var Tryti Vennerød nesten som etablert skodespelarforfattar å rekna.
Debuterte i 2002
Vennerød har fått utmerking for dramatikken.
For Tryti debuterte på Det norske teateret i 2002 med «Meir», og året etter vart «Ta meg på vengene» sett opp. Men då «Meir» vart sett opp på Sogn og Fjordane teater i vår, lokka det sørgjeleg få sogningar og fjordingar ut av godstolane. I heimbygda Sogndal kom berre åtte tilskodarar, i Årdal like få. Medan i Måløy vart heile framsyninga avlyst. Maria Tryti Vennerød tykkjer det er leitt at folk ikkje kjem og ser på.
I innslaget høyrer du også Bertine Zetlitz med «Jeg er en seiler». Dei andre melodiane i innslaget var «The beast in me» med Johnny Cash og «In the musicals» med Bjørk. Det var reporter Noralv Pedersen som hadde møtt skodespelforfattaren Maria Tryti Vennerød frå Førde og Sogndal.