Hopp til innhold

Motbakkesuksess i Luster

Molden Opp er eit av dei største motbakkeløpa i Norge allereie første året det vert arrangert, det meiner løpsleiar Christian Prestegård.

750 stilte til start då motbakkeløpet Molden Opp vart arrangert for første gong i Luster laurdag.

Prestegård meiner kommunen har vist ein enormt engasjement og trur løpet kan vekse seg endå større. - Prikkfritt arrangert, seier Prestegård.

Bestetid klarte Øyvind Heiberg Sundby frå IK Tjalve. Han kom til topps på tida 50:23.