Hopp til innhold

Motbakkeløpcupen starta i dag

Deltakarane strøymde til Storehaugen Opp i Lærdal då årets første løp i norgescupen i motbakkeløp vart arrangert måndag.

– Me fekk ny deltakarrekord i konkurranseklassa med heile 139 startande, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL.

Folkefest

Storehaugen Opp er det første løpet i årets motbakkeløpcup. Det har vore strålande sommarvêr i heile landet dei siste dagane, men i dag hadde skyene innteke himmelen over Lærdal.

– Det passa oss heilt ypparleg, me fekk perfekte tilhøve. I går var det nesten litt for varmt, men i dag var alt perfekt, og løypa var tørr og fin, seier Holien.

Det vart ein folkefest i Lærdal denne tidlege sommardagen. Det var mykje folk både i startområdet, langs løypa og på toppen av det 908 meter høge fjellet, og på vegen ned att fekk deltakarane servert spekemat og flatbrød.

– Det sette ein ekstra spiss på arrangementet, er tilbakemeldingane me har fått, smiler Holien.

– Folk strøymde på

Det var 87 førehandspåmelde i konkurranseklassa, men då startskotet gjekk stod heile 139 deltakarar på startstreken. I fjor var det 112.

– Det var 57 etterpåmeldingar i den klassen, folk berre strøymde på, seier Holien.

I mosjonsklassen var det litt færre enn i fjor. om lag 230 personar ville ta turen opp på Storehaugen, mot rundt 300 i fjor.

– Det har nok litt å gjera med at dette er ei konfirmasjonshelg, so det ein del som er opptekne med det, seier Holien.

Ny damerekord

Vinnarane Storehaugen Opp

VINNARANE: Torstein Tengsareid og Kirsten Marathon Melkevik.

Foto: Jan Christian Jerving

Førstemann opp var Torstein Tengsareid frå Egersund IK Friidrett, som sprang på 32.56. Ei god tid, men likevel eit stykke bak rekorden frå i fjor som er på 32.15 (Thorbjørn Thorsen Ludvigsen).

Nummer to var Stian Hovind-Angermund (33.28) medan Øyvind Heiberg Sundby vart nummer tre (34.00)

I dameklassa vart det ny rekord. Kirsten Marathon Melkevik, IL Gular, sprang på 37.24 og forbetra dermed den tidlegare rekorden med tretti sekund (37.58).

Merete Helgheim vart nummer to (41.08) og Merete Weng nummer tre (41.53).