NRK Meny
Normal

Motbakkecup startar i Lærdal

Den offisielle motbakkecupen til friidrettsforbundet startar komande laurdag med Storehaugen Opp i Lærdal.

Storehaugen Opp i Lærdal

TØFF MANNDOMSPRØVE: Det er 25 prosents stigning på Storehaugen Opp i Lærdal.

Foto: Finn Loftesnes

Det er i alt sju løp i cupen med det offiseielle namnet NECON motbakkecup 2012. Av desse er to i Sogn og Fjordane, i tillegg til Storehaugen Opp er det Molden Opp i Luster 16. juni. Cupen blir avslutta med årets NM i motbakkeløp, Rosendal Nuten Opp 12. august.

(Artikkelen held fram under biletet).

Frå start Storehaugen Opp.

FLATT I STARTEN: Frå startfeltet i fjor. Deltakarane får nokre få meter med flate før det går styggbratt oppover Storehaugen.

Foto: Privat

Det er sett opp ein premiepott på 100 000 kroner, og seks av dei sju løpa tel i samandraget. Cupen dannar og grunnlaget for uttak til EM, VM og Grand Prix, og difor er det attraktivt for dei beste motbakkeløparane å delta.

Mellom dei som stiller på startstreken i Storehaugen Opp er fjorårsvinnaren Torbjørn Ludvigsen.

(Artikkelen held fram under biletet).

På toppen av Storehaugen.

PÅ TOPPEN: Slik ser det ut på toppen av Storehaugen.

Foto: Ingvild Jerving

Stigning på 25 prosent

Storehaugen Opp er mellom dei brattaste motbakkeløpa med ein gjennomsnittleg stigning på 25 prosent. Løypa er 3,7 km lag og endar på toppen av Storehaugen, 908 meter over havet.

Det er Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, som har løyperekorden for menn med 32.58, medan Merete Helgheim, Gloppen FIL, har rekorden for kvinner med 41.18.

Molden i Luster

OGSÅ MED I CUPEN: Toppen av Molden i Luster.

Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dei andre løpa i cupen er:

  • 2. juni: Skuggenatten Opp, Treungen, Telemark
  • 10. juni: Gullfjellet Opp, Bergen
  • 16. juni: Molden Opp, Luster
  • 22. juli: Mefjellet Opp, Valldal
  • 4. august: Saudehornet Opp, Ørsta
  • 12. august: Rosendal Nuten Opp, Rosendal.

22 motbakkeløp i Sogn og Fjordane

Snart er det ikkje ein kommune med respekt for seg sjølv som ikkje har eit motbakkeløp. Berre i Sogn og Fjordane er det 22 slike løp frå 12. mai til 8. september:

  • 12. mai: Storehaugen Opp, Lærdal
  • 26. mai: Åsen opp, Florø
  • 3. juni: Hovlandstølen opp, Eikefjord
  • 6. juni: Aosen Opp, Seimsdal i Årdal
  • 9. juni: Trappeløpet, Høyanger
  • 9. juni: Svinestrandløpet, Gloppen
  • 16. juni: Molden Opp, Luster
  • 24. juni: Trollenykjen Opp, Eid
  • 30. juni: Storehesten Opp, Gaular
  • 7. juli: Vetenløpet - frå fjære til fjell, Bremanger
  • 7. juli: Hornindal rundt, Hornindal
  • 8. juli: Vidasete Opp, Vik
  • 21. juli: Rallarvegløpet, Aurland
  • 28. juli: Rimstigen Opp, Aurland
  • 29. juli: Eggenipa Opp, Gloppen
  • 11. august: Fanaråken Opp, Luster
  • 18. august: Skåla Opp, Loen i Stryn
  • 25. august: Kletten Opp, Naustdal
  • 1. september: Førde Opp (tidl. Hafstadfjellet Opp), Førde
  • 1. september: Heirsnosi Opp - tur til tusen, Øvre Årdal
  • 2. september: Kleiva Opp, Stryn
  • 8. september: Skarsteinsætra Opp, Olden i Stryn
  • LES OGSÅ: No vil alle arrangere motbakkeløp
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser