Hopp til innhold

Møtande bilist opplevde ikkje forbisyklinga som dramatisk

– Eg har sett verre ting på vegane.

Politiet og bilisten skildrar denne forbisyklinga på E39 som galskap.

SUSA FORBI: Føraren av den møtande bilen opplevde ikkje situasjonen som dramatisk. (FOTO: ØYSTEIN EIDE)

Det seier føraren av drosja som var på veg oppover Halbrendslia medan to syklistar susa forbi ein bil på veg nedover mot Førde .

NRK gjorde måndag fleire forsøk på å kome i kontakt med drosjesjåføren. Tysdag fortel drosjeføraren at måtte sjå videoen på Internett for å komme på situasjonen.

– Eg hadde nok hugsa den om eg tykte den var ille der og då, meiner han.

Såg ikkje bilen

Øystein Eide, og dottera som lærekøyrde, fekk seg ein kraftig støkk då syklistane dei køyrde forbi nokre kilometer tidlegare susa forbi dei etter ein skarp sving. I mot kom det ein bil.

Syklisten seier til NRK at han ikkje såg bilen komme og vedgår at situasjonen var uheldig.

– Ein kan gjerne sykle forbi bilar som køyrer for seint, men ikkje slik at det nesten blir ulukke, sa Eide og presiserte at han ikkje vil ha syklistane vekk frå vegen.

– Hadde høg fart, men...

Arne Johannessen

KRITISK: Regionlensmann Arne Johannessen tykkjer lite om forbisyklinga i Halbrendsllia før helga.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Også regionlensmann Arne Johannessen i Sogn reagerer på forbisyklinga. Han skildrar den som galskap.

– Hadde dette vore gjort med bil eller motorsykkel, så kvalifiserer det til førarkortbeslag på staden, sa Johannessen.

På NRK sine Facebook-sider har saka engasjert stort. Medan mange reagerer kraftig på forbisyklinga, meiner mange at syklistane ikkje gjer noko gale.

Den møtande drosjesjåføren opplevde ikkje situasjonen som spesielt ille.

– Rett nok kom dei i veldig høg fart. Eg såg dei plutseleg framfor den andre bilen, men eg oppfatta ikkje at dei var farleg nær nokon av bilane, seier han.

Har opplevd verre ting

Syklisten meiner den møtande bilen bremsa opp.

– Eg sleppte truleg gasspedalen litt, men eg kan ikkje minnast at eg bremsa opp, seier drosjesjåføren og presiserer at han uttalar seg slik han opplevde situasjonen.

– Det var nok sikkert eit sjokk for dei andre som plutseleg fekk syklistane forbi seg. Dei kan nok ha opplevd situasjonen som dramatisk. Men eg meiner eg har opplevd langt meir dramatiske ting enn dette, avsluttar han.