Hopp til innhold

Mot tidenes cruisesesong

Cruisebåttrafikken til fylket ser ut til å gå mot nye høgder i 2012.

Cruiseskipet Boudicca ved kai i Olden

OPTTUR: Det ligg an til kraftig auke i tal cruiseskipanløp i Olden kommande år. Her er det cruiseskipet Boudicca ved eit tidlegare besøk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Medan hotellnæringa ser med uro på den kommande turistsesongen, er stoda ei heilt anna når det gjeld cruisebåttrafikken til fylket.

Ifølgje Næringsbarometeret som blir lagt fram i dag, ser cruisetrafikken ut til å bli tidenes beste for dei store cruisehamnene i Sogn og Nordfjord.

– Det blir rett og slett veldig bra, jublar Olav Lühr, dagleg leiar i Aurland Næringsutvikling.

151 skip i Flåm

Ifølgje barometeret som blir lagt fram i dag, ser næringslivet i fylket mindre lyst på framtida enn for eitt år sidan. Det viser også at Sogn og Fjordane ikkje får same utbyte av veksten i oljenæringa, som dei andre Vestlandsfylka. Særleg er eksportverksemdene uroa for den pågåande eurokrisa i sør-Europa.

Funna i næringsbarometeret er ikkje berre pessimistiske. Næringslivet ventar samla sett å auke talet på tilsette i åra som kjem og årets cruisesesong ser ut til å slå alle rekordar.

Det er venta 37 prosent fleire passasjerar til dei to største destinasjonane i fylket, Flåm og Olden. Med 151 varsla skipsanløp berre i Flåm, blir det fleire båtar enn nokon gong på hamna der.

– Og for første gang på mange, mange år vil det bli cruiseskipanløp i Aurland. Og det er veldig kjekt, seier Lühr.

«Dronninga» på nasjonaldagen

I Nordfjord har endå til Queen Mary II meldt sin framkomst i år også. Og det på sjølvaste 17. mai.

Det blir nesten som prikken over i'en å rekne for Reisemål Stryn og Nordfjord.

– Det er klart at det er viktig for reiselivet i området vårt, for cruiseskipturistane reiser på bussturar kring om i regionen. Slik sett betyr også cruisetrafikken mykje for reiselivsnæringa på land, seier Inger Elin Nes Hjelle.

Ingen mørke skyer

I Aurland ser Olav Lühr ingen mørke skyer på cruisehorisonten.

– Generelt er det oppgang i cruise, og spesielt er det oppgang i cruise på Europa og Nord-Europa, seier han.

– Vi ser at det er turbulent økonomisk i sør-Europa, men kva er det som gjer at cruise går fri denne uroa.

– Dei går nok ikkje fri, men dei tilpassar seg marknaden. Det vil seie at dei nyttar prismekanismen for båtane skal vere fulle.