Hopp til innhold

Møt Sogn og Fjordane sin Willy Wonka

MARIFJØRA (NRK): I Marifjøra i Luster har eit driftig nederlandsk ektepar starta eit søtt eventyr. For der opnar fylkets første sjokoladefabrikk i dag.

Paul Fransen

HEKTISK PRODUKSJON: Paul og Franka Fransen har jobba hardt fram mot opninga av sjokoladefabrikken.

Foto: NRK

Ekteparet Franka Fransen og Paul Fransen kom frå Nederland til Norge for 12 år sidan, på jakt etter ein ny start. For Paul, som er konditor av yrke, oppdaga at han hadde fått mjølallergi.

Forklaringa på kvifor det vart sjokolade – der du ikkje treng mjøl – er ganske praktisk.

– Vi dreiv Hafslotun hyttesenter på Hafslo og hadde det travelt om sommaren, men ikkje like travelt om vinteren. Vi måtte ha noko å gjere på om vinteren, så difor tenkte vi på sjokolade, seier Paul, Sogn og Fjordane sitt svar på Roald Dahl sin legendariske karakter Willy Wonka.

Paul Fransen og Franka Fransen

SPENTE: Både Paul Fransen og Franka Fransen er spente før den store opninga i dag. Over 100 personar har meldt sin ankomst via Facebook.

Foto: NRK

Godt motteke i lokalmiljøet

Han er svært spent på om det finst ein marknad for ein sjokoladefabrikk i Sogn og Fjordane, men seier lokalbefolkninga har vore veldig positive.

Dei lagar svært mange typar sjokolade, og Paul seier heimlandet har sin plass.

– Eg har mykje inspirasjon frå Nederland sjølvsagt. Det er viktig for oss å lage så mykje som mogleg no, slik at folk får smake det til jul.

Ekteparet Paul og Franka Fransen har starta fylkets første sjokoladefabrikk i Marifjøra i Luster

Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen

Brukar lokale råvarer

Ute i butikken har Franka hatt si fulle hyre ved å lage klar både smaksprøvar og sjokolade til sals dei siste dagane. Klokka 13 i dag opna dørene for første gang.

Då serverer Franka fleire sjokoladar med lokale ingrediensar.

– Til ein sjokolade har vi plukka blåbæra i nærmiljøet og kjøpt bringebæra i Gaupne. Ein annan sjokolade har alle ingrediensar frå Luster.

– Har de vidare planar eller blir det produksjon her på Marifjøra?

– Vi får sjå korleis det går. Viss det går som vi håpar, blir det kanskje for lite her og kanskje må vi byggje ut. Vi får sjå. Det blir spennande, seier Franka.

Sognefjord Sjokolade

SOGNEFJORD SJOKOLADE: I Marifjøra i Luster.

Foto: NRK