Hopp til innhold

Mot skifte på toppen: Her jublar ho for sigeren

FØRDE (NRK): Alt tyder på at Jenny Følling (Sp) er den nye fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. I natt feira ho valsigeren.

Jenny Følling blir truleg fylkesordførar.

GLEDE: Jenny Følling og partikameratane markerte valsigeren. Foto: Arne Stubhaug. Video: Rune Fossum

Vallogo

– No skal det veldig mykje til, om vi ikkje skal vinne dette valet, seier Jenny Følling til NRK.

Ho har nettopp fått dei ferske tala frå Flora, og registrerer at Senterpartiet leiar med 1400 stemmer på Arbeidarpartiet i fylkestingsvalet.

Med kommunar som Gaular, Stryn, Leikanger og Sogndal igjen, kan i realiteten ikkje Ap ta igjen forspranget.

– Vi drar det i land no, konstaterer ho før sitjande fylkesordførar Åshild Kjelsnes overrekker ein symbolsk blomsterbukett.

Klare for forhandlingar i natt

Arbeidarpartiet og sitjande fylkesordførar Åshild Kjelsnes ligg like før klokka 01:00 an til å få 28,1 prosent av stemmene til fylkestinget, medan Senterpartiet og Jenny Følling ligg an til 33,2 prosent - fram med over sju prosent frå sist.

I Sp-leiren stod jubelen i taket. Men Følling tek ikkje ordførarkjedet for gitt.

– Nei, no skal vi først forhandle om posisjonane, seier ho.

– Men det har vore ein spennande kveld. Strålande, smiler ho.

Jenny Følling truleg ny fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

KLAR: Jenny Følling vart gratulert med blomster. Video: Heidi Lise Bakke

Meiner også Ap gjorde godt val

Etter alt å dømme blir det no eit skifte av fylkesordførar. For så lenge Sp er det største partiet, skal det mykje til om dei ikkje også får den fremste posisjonen etter forhandlingane.

– Eg håpar at vi skal vere ferdige i natt ein gong, seier Kjelsnes.

Ho tek ikkje resultatet som noko nederlag. Ap gjekk også fram med nesten to poeng.

– Den raudgrøne alliansen er sterk. Og vi har gjort eit godt val isolert sett, seier ho.