Hopp til innhold

Mot sesongrekord for Flåmsbana

Flåmsbana kjem i år til å setje ny rekord i talet på reisande.

Flåmsbana - Flåm stasjon

MOT REKORD: Turistar frå heile verda set kursen mot Flåm for å få med seg den spektakulære togturen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Turistar frå heile verda kjem for å oppleve togturen på verdas brattaste jernbane. Flåmsbana er ein av dei store turistmagnetane i Norge.

Driftssjef i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, seier allereie no at dette blir ein rekordsesong.

– Vi kjem til å ende på om lag 630 000 passasjerar i år, seier han til NRK.no.

Liten nedgang i august

Kjosfossen på Flåmsbana

VAKKER FOSS: Huldra i Kjosfossen har lokka mange turistar til Flåmsbana.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Flåmsbana ved Berekvam

SPEKTAKULÆR: Flåmsbana er den brattaste togturen i verda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tala for august viser 150 282 reisande, ein nedgang på tre prosent frå i fjor. Bakk er likevel nøgd med augusttala.

Talet på gruppereisande har halde seg stabilt og cruisetrafikken har auka. Det er dei individuelle passasjerane det har blitt færre av.

– Ei av årsakene kan vere den seine opninga av Rallarvegen. Det låg lenge snø på deler av vegen. I tillegg er det nok færre turistar i Norge, så vi merkar nok finanskrisa, seier han.

2011 var det hittil beste året med rett over 618 000 reisande på den spektakulære togturen frå Flåm til Myrdal.

God start på sesongen

Det er asiatar og russar som utgjer den største gruppa når det gjeld bussgrupper. Frå cruiseskipa er det mest tyskarar og engelskmenn.

Så langt i år har 559 377 personar reist med Flåmsbana. April og mai var veldig gode månader, det same var juni. I september reknar han med over 50 000 reisande.

– Det er i juli og august vi har hatt ein liten nedgang, seier han.

Bakk trur likevel på årsrekord, noko som skuldast god start på sesongen. Det har vore fleire og større cruiseskip.

– Særleg i mai var det ein veldig auke i cruisetrafikken, den var på 25 prosent, seier Bakk.