NRK Meny
Normal

Mot omorganisering i politidistrikt

Omorganisering av politidistrikt vart stor suksess i Hordaland, no kan Sogn og Fjordane følgje etter.

I dag fortalte politimeister Johan brekke at lensmenn i Sogn og fjordane kan få ein heilt ny kvardag frå nyttår av. Politidisktriktet skal omorganiserast, og dei mange lensmannsdistikta kan slåast saman til tre store driftseiningar. Hordaland politidistrikt gjennomførte ei liknande ordning i 2005. Og lensmann Indrebø vart driftseiningsleiar for Gulen, Solund og Masfjorden.

- Løyser fleire saker

- Vi har slått i hop nesten alt vi jobbar med, og løyser alt i fellesskap. Resultatmessig har vi komme betre ut når det gjeld oppklaringsprosent og saksbehandlingstid, seier lensmann Henry Indrebø i Gulen til NRK Sogn og Fjordane.

Dette håpar politimeister Johan Brekke skal skje også i Sogn og Fjordane. I dag fortalte han at politidistriktet skal omorganiserast, og dei mange lensmannsdistrikta skal slåast saman til tre store driftseiningar.

Må analyserast

Nestleiar i Politiets Fellesforbund, Åge Løseth, fryktar dette er eit steg i retning nedleggjing av små lennsmanskontor i fylket. I Hordaland, som har kome eit steg vidare i prossesen, kan dette bli ein realitet. Politimeisteren har nemleg føreslått ei samanslåing av lensmannskontor i Hordaland. Skilnaden frå dagens ordning er at lensmennene i dag har beholdt lensmannstittelen, sjølv om kontora har blitt slegne saman.

Går forslaget gjennom, vil det berre bli ein lensmann i kvar driftseining. Forslaget er oppe til behandling i justisdepartemenet akkurat no, og om det blir vedteke er det fleire ting som må opp til vurdering.

- Om kontora blir opne 7,5 timar for dag, eller det vert kortare eller færre dagar må analyserast utifrå stort publikumsbesøk det er ved kontoret, og kva behov det er i den enkelte kommune der kontor er etablert, seier Einar Vatne, som var prosjektleiar for omorganiseringa av driftseiningane i 2005.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.